J13 tok sin 4. strake siger.

18 mai 2012
Skrevet av:

J13 før Giskekampen. Bakerst: Hanne, Emma, Elise, Madeleine. Framme: Sigana, Sonja, Malin, Fride.

Ravn-Brattvåg 12-0 (7-0).
Laget: Elise, Anja, Madeleine, Marie, Malin, Fride, Emma og Sonja.
Mål: Sonja 7, Fride 5.

For en 1. omgang av Ravnjentene.
Det var som om alt vi har trena på og masa om i 7 år på magisk vis datt på plass.
Greit nok å skåre mykje mål, med det var det flotte spelet vi viste som verkeleg imponerte.
Spelet gjekk på skinner, vi plasserte oss godt, vi kjempa om kvar ball og gjorde alt rett.
Vi gjorde som vi var enige om før kampen. Vi gjekk ut der og kriga om kvar einaste centimeter
over alt på bana heile tida. Etter 13 minutt stod det 4-0 til Ravn etter at Sonja og Fride hadde
skåra kvar sine to flotte mål. Brattvåg var rysta og kom seg aldri med i kampen.
Rett nok hadde dei eit kanonskot i tverrliggaren, men det var også alt.
Det må leggjast til at Brattvåg hadde eit par spelarar som var litt småsjuke, og at
deira beste spelar måtte ut med skade, men då stod det allereie 5 eller 6-0.

I 2. omgang gira vi naturlegvis litt ned. Men hadde fullstendig kontroll. Først og fremst
imponerte vi med godt pasningsspel. Og så hadde vi 2 jenter i Fride og Sonja som totalt skåra
5 og 7 mål. Mange kom etter fine gjennomspel, men og nokre på flotte raid. Sonja la ned ein
utruleg innsats i dag, og må rett og slett vore eit mareritt for Brattvågforsvaret. Ho sprang,
takla, avslutta og dribla so det var ein fryd å sjå. Alle jentene var svært gode i dag, og Sonja
var heilt ”outstanding” og må få prisen som banens beste.

4 av 4 kamper er no vunne, og vi har spelt mykje god fotball. Men vi tek ikkje av endå,
sjøl om vi spelte vår utan tvil beste kamp nokonsinne(til no…). Vi tapte begge kampane mot
Brattvåg med knapp margin i fjor, men viste i dag at vi har utvikla oss mykje på eit år. Og vår store
styrke er at vi er eit jamnt lag med gode spelarar på alle plassar. Når ein krydrar dette med
eit par målfarlege spelarar, er vi rett og slett eit godt fotballag. Kjempe på jenter!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv