J13 med sin 5. strake siger etter sjansesløseri.

22 mai 2012
Skrevet av:

J13: Aksla-Ravn 1-6 (0-1).
Laget: Elise, Emma, Hanne, Madeleine, Fride, Sonja, Siri, Elisabeth, Malin.
Mål: Fride 4, Elisabeth 2.

Det blir vel kanskje feil å seie at sigeren sat langt inne, men det var omtrent den
følelsen vi sat igjen med etter kampen.
Det var noke sommersløvt over Ravnlaget i varmen i Ratvika.
Spelegleda og tenninga såg ut til å mangle heilt. Likevel styrte vi det meste.
Ein lei strek i regninga var det at banens beste (Sonja) frå sist kamp måtte ut med skade etter 5 minutt.
I 1. omgang spelte vi oss til mange store sjansar, men bomma på den eine
etter den andre. I siste speleminutt av 1. omgang fekk vi endeleg ei høgst
fortjent skåring ved Elisabeth. Vi gjekk no til pause med full kontroll på kampen. Trudde vi.
I 2. omgang fortset vi med sjansesløseriet. Og så skjer det som av og til skjer i fotball,
på alle nivå. Motstandaren som ikkje har vore farleg i det heile tatt, får sendt avgårde
et skudd i det 10. minutt som går i mål og det står 1-1. Skulle dette bli en sånn dag då alt skjer seg?
Det såg slik ut og trenarane riv seg i håret på sidelinja.
Vi kjem fortsatt til store sjansar etter dette men det vil seg ikkje.
Men så 10 minutt før slutt får vi frispark litt innpå Aksla sin banehalvdel.
Normalt alt for lang avstand. Men vi har Fride, og ho hamrar ballen i mål og
vi leder 2-1. Etter dette senker vi skuldrane og spelar fotball. Vi puttar no
på jamnt og trutt og gir oss ikkje før det står 6-1.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv