J13: Giske-Ravn 1-11 (0-5)

16 mai 2012
Skrevet av:

Mål: Fride 7, Sonja 3, Madeleine 1.
Laget: Elise, Emma, Hanne, Madeleine, Sonja, Fride, Malin og Sigana.

Fint ver på Giske, men litt sjenerandes vind. Fin grasbane, men litt uvant underlag.
Dette takla vi bra, spelte mykje fin fotball. Vi skåra jamnt og trutt og vart eit nummer
for gode for Giskingane. Likevel ros til Giske som stod på kampen igjennom og aldri
ga oss noke gratis. Stor var også gleda blant Giskingane når dei skåra sitt første mål for året.
Det fortjente dei.
Pasningsspelet vårt var brukbart, men vart naturlegvis litt hemma av det uvante underlaget.
Ros til alle for god jobbing.

Vi har no vunne 3 av 3 kampar mot lag som vi skal slå. Verre blir det på fredag når
seirefavoritt Brattvåg kjem på besøk. Eit lag som ikkje tapte i fjor, og som så langt
heller ikkje har gjort det i år. Så får vi sjå om vi har kappa inn på forspranget dei hadde i fjor.
Ein liten strek i regninga er det at J2000-laget vårt spelar kamp samtidig, og vi dermed
blir noko meir redusert enn vi elles hadde vore. Men bredda er god, vi er eit jamnt lag,
formen er god og vi har trua på at vi skal kunne gi Brattvåg kamp om poenga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv