G14 sel fisk for å finansiere Norway Cup tur.

21 mai 2012
Skrevet av:

Samarbeidslaget Ravn/ Norborg G14 kjem i desse dagar rundt for å selje kvalkjøt, klippfisk, hyse- og torskefilet til inntekt for Norway Cup-tur. Det er inntekter frå førsteklasses produkter frå Grytastranda og Harøya som skal føre laget forbi Dovre, ned på Ekebergsletta og til mat på bordet og tak over hovudet der.
Kvalbiffen (5 kg – 600 kr) er i vakuumpakningar frå Myklebust Trading. Superior klippfisk (5 kg – 400 kr eller 10 kg – 700 kr) i biter er frå Grytestranda Fiskeindustri. Og litt lenger inne på stranda hentar vi linefiska hyse- og torskefilet (6,81 kg – 480 kr.) frå H.P. Holmeset. Dette er kvalitetsvarer som ikkje kan beskrivast, men berre smakast.
Gutane håper at både foreldre og naboar vil nytte anledninga til å fylle opp fryserane sine med topp produkt.
Varene blir levert fredag 25. mai eller etter avtale.

Erlend Fjørtoft er kontaktperson for Ravn/Norborg. Mobil. 416 50 921. Heim: 70211486.
Fisk kan også bestillast på epost; efj@mimer.no og lars.tenfjord@sperre.com

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv