G13, 1. div 11er: Ravn-Herd 1-4 (1-2)

14 mai 2012
Skrevet av:

Det vart tap mot eit godt Herdlag for Ravningane.
Herd styrte kampen i starten av 1. omgang og tok fortjent leiinga.
Etter kvart kom Ravn meir og meir med, og eit særs flott angrep
enda med at Benjamin F. nikka ballen i mål og det stod 1-1.
No var det Ravn som var klart best, og andre halvdel av 1. omgang
var svært bra av Ravningane og ein burde ha gått til pause med leiing.
I staden var det Herd som mot spelets gang gjekk opp i 2-1.
I 2. omgang var det derimot ingen tvil, då var Herd klart best, og det
var nok ikkje så mykje å seie på at dei skåra 2 mål og vann fortjent.
Herdlaget var nok litt jamnare besatt, spelte fin fotball, og vi måtte jage
mykje ballen i 2. omgang. Ravn spelte og god fotball i periodar, og med
litt større effektivitet i 1. omgang kunne dette gått vegen.
Vi trur laget kjem til å sanke ein god del poeng utover våren.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv