13-åringane våre skal ut i kamp i dag.

03 mai 2012
Skrevet av:

G13 11ar 1. divisjon: Serieopning for G13. Oppgåva deira i dag er blandt dei tøffaste du finn i Sunnmørsk fotball.
Bortekamp mot Hødd. Hødd har alltid store og gode kull i ungdomsklassene og eit hav av spelarar å ta av,
men Ravn har og eit godt lag med mykje gode spelarar. Ravn har i dei siste åra gitt Hødd tøff kamp både med 97 og 98 årgangen,
og vi trur at det skjer igjen med 99 årgangen. Eigentleg urealistisk at det skal skje, men likevel skjer dette no år etter år.

J13 7ar 2. divisjon: Heimekamp mot HaNo kl 18:30. Ravnjentene har allereie serieopna med siger 1-6 borte mot Herd2, og
skal ha eit sterkare lag enn HaNo. Spenningsmomentet er korleis ein klarer seg utan toppskårar Fride som er på Islandstur.
Fride skåra 54 av våre 90 mål i fjor (60% av måla!) og har vore berebjelken i laget. Dette er dermed eit fint høve for
andre av jentene til å stå fram og vise veg. Og vi har god tru på at vi skal lukkast, vi har gode spelarar i alle posisjonar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv