Daglig arkiv: 03 mai 2012

J13: Ravn-HaNo 8-0 (4-0)

03 mai 2012
Skrevet av:

Mål: Malin 3, Elisabeth 2, Emma, Madeleine og Sonja.

Komfortabel siger i jentenes første heimekamp.
Brukbart spel i perioder, og mykje fine langskudd som gjekk inn.
Kveldens kaptein, Malin, viste veg med 3 skåringar.
Kjekt også at 5 forskjellige spelarar kjem på skåringslista.
Så må vi ikkje gløyme Hanne, Sigana og Elise i bakre rekker
som gjer at vi slepp inn 0 mål.
Ellers en litt kald og rufsete kveld på stadion.
Stødig kampleiing av Thomas Bjørlykhaug.
Ros også til HaNo som aldri ga opp og stod løpet heilt ut.
Med ei slik haldning kjem resultata også til slutt for det laget.

13-åringane våre skal ut i kamp i dag.

03 mai 2012
Skrevet av:

G13 11ar 1. divisjon: Serieopning for G13. Oppgåva deira i dag er blandt dei tøffaste du finn i Sunnmørsk fotball.
Bortekamp mot Hødd. Hødd har alltid store og gode kull i ungdomsklassene og eit hav av spelarar å ta av,
men Ravn har og eit godt lag med mykje gode spelarar. Ravn har i dei siste åra gitt Hødd tøff kamp både med 97 og 98 årgangen,
og vi trur at det skjer igjen med 99 årgangen. Eigentleg urealistisk at det skal skje, men likevel skjer dette no år etter år.

J13 7ar 2. divisjon: Heimekamp mot HaNo kl 18:30. Ravnjentene har allereie serieopna med siger 1-6 borte mot Herd2, og
skal ha eit sterkare lag enn HaNo. Spenningsmomentet er korleis ein klarer seg utan toppskårar Fride som er på Islandstur.
Fride skåra 54 av våre 90 mål i fjor (60% av måla!) og har vore berebjelken i laget. Dette er dermed eit fint høve for
andre av jentene til å stå fram og vise veg. Og vi har god tru på at vi skal lukkast, vi har gode spelarar i alle posisjonar.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv