Uavgjort for alaget mot HaNo

17 april 2012
Skrevet av:

Ravn kan vere godt fornøgd med 1-1 i serieåpninga mot nabo HaNo FK på Ravn stadion mandag. Gjestane dominerte store deler av 2.
omgang utan å overliste eit hardtarbeidande Ravnforsvar meir enn ein gong.
Ravn med fem juniorar frå start åpna bra, og fekk 1-0 på straffe etter ei hekting av Jørn Heggelund. Roger Dalhaug scora sikkert.
Omgangen var sjansefattig, nærast for Ravn var Kim Krogsæter på eit godt gjennomløp som HaNo-keeperen redda flott.
Gjestane kom mot slutten av omgangen og hadde sine sjanser til utlkning.

I 2. omgang dominerte HaNo, anført av Even Vestavik på midtfeltet, stort første halvtimen, men utan å skape så veldig mange sjanser. Farlegast var det på dei mange dødballane. Ravnforsvaret med stoppar Andrè Fjørtoft i spissen rydda godt opp, og bakerst stod Martin Skaar Vadset ein prikkfri kamp. Først etter halvtimen kom målet, ved Alexander Ulla. Ei litt heldig, men fortent utlkning.
I sluttminutta greidde Ravn å kome seg høgare opp på banen, og fekk ein megasjanse i sluttsekunda.

Totalt sett ein bra kamp av Ravn, gutane jobba godt og greidde å halde formasjonane brukbart sjølv om dei vart slitne utover i 2.omgang. Joachim Hove Sørvik (18) og Eivind Hagen (17) fekk sin A-lagsdebut og kom godt frå det.

Dommar Kjell Erik «Ayala» Slinning – 60 år neste veke! – var av banens beste aktørar. Frå sin base i midtsirkelen hadde han full kontroll. Eitt gult kort til Ravn i ein fairspelt kamp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv