Ravn – bronsevinnar Sport1 Cup i Volda

23 april 2012
Skrevet av:


Siger i bronsefinalen for Ravn
Ravn G14 var i Volda laurdag og spelte Sport1 Cup. Ein sjekk på 500 kr. for 3. plassen var med heim att.

Volda, Eid, Hødd, Spjelkavik, Emblem og Ravn sine 14-årslag var med i turneringa, som gjekk på den nyaste kunstgrasbanen i Volda. Første kampen vann Ravn 4-1 mot Emblem. Andre kampen vart det knepent tap 0-1 for Hødd. Ulsteinlaget ville mest, men Ravn hadde mange sjansar og utfallet kunne blitt annleis.
I semifinalen møtte Ravn heimelaget Volda. Dei har ein spelar som heiter Sondre Rotevatn. Han har ein kollosal aksellerasjon og toppfart og skyt utruleg hardt. Likevel klarte Ravn å nøytralisere han. Den kampen måtte avgjerast på straffe. Volda var sterkast der, trass i at Ravn-målmann Benjamin Rørhus gjorde sine saker veldig bra. Det gjorde Ravn-målmannen også i bronsefinalen, der Ravn igjen møtte Hødd som hadde tapt for Eid. Denne gongen var det Ravngutane som var mest på hogget og synte ulsteinvikarane kvar skapet skal stå.
1-0 kom etter at Tobias Aa. Heggem forserte til dødlinja og slo 45 grader ut til Lars Daniel Tenfjord, som banka ballen over keeper og til 1-0 frå 14-15 meters hald. 2-0 kom på straffe ved Benjamin Fjelsted. Hødd-keeperen gav retur, men Benjamin var først framme og sette returen inn. Hødd reduserte til 1-2 og det blei ny spenning i kampen etter at Ravn hadde full kontroll. Rett etterpå avgjorde målfarlege Ruben Holmeset kampen til Ravn sin fordel med eit kunstferdig Zlatan-spark. Jamnspelte kampar mot både Volda og Hødd borgar godt for laget som mangla fleire av sine faste spelarar og stillte med fem spelarar fødde i 1999. Forsvaret spelte trygt og godt og særleg i kampen mot Volda henta dei fram sine aller beste eigenskapar. Midtbanen og angrepet gjorde også sine saker bra, sjølv om dei vart slitne  periodar. Fire kampar på 50 minutt i løpet av ein dag tar på kreftene. Særleg imponerande var det at laget reiste seg i den andre kampen mot Hødd, etter å ha fått seg ein skikkeleg nasestyvar av dei i den første kampen. Ref.

FOTO: Glade Ravningar etter 3-1 over Hødd i bronsefinalen. Bak f.v. trenar Lars Tenfjord, Benjamin Giske, Jon Kaspar Bjørge, Ludvik Storsten, Lars Daniel Skjelten Tenfjord, Nikolai Jensen og Tobias Aarseth Heggem. Framme f.v. Aleksander Hjelme Floer,  Ruben Holmeset, Benjamin Fjelsted, Benjamin Kofoed, Benjamin Rørhus, Markus Tenfjord og Elias Søvik Gunnarsson.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv