J13 vann i serieopninga

27 april 2012
Skrevet av:

J13 2. div: Herd2-Ravn* 1-6 (1-4).
Mål: Fride 2, Elisabeth, Malin, Benedicte og eit sjølmål.

J13 serieopna i går ute på Herdtun. Dette var første gong dei skulle spele om poeng.
Opptakta til kampen var langt i frå god. Heile 5 spelarar av ein tropp på 10 måtte melde forfall.
Heldigvis har vi eit J12 lag å låne spelarar frå, og 4 spelarar derifrå stilte velvillig opp.
I tillegg hadde vi tapt 3-6 mot dette laget for nokre veker sidan i treningskamp.
Så maks skjerping måtte til.

Og jentene spelte bra i går. Gjekk til i duellane fra start, var kompromisslause i forsvar og Herdjentene
slapp berre sporadisk til. Vi var langt betre enn vanleg i forsvarsjobbinga vår. Framover også
trykte vi bra på, og ein særs god Herdkeeper stoppa mange gode skudd. I tillegg traff vi stolpane
fleire gonger. Med 4-1 leiing til pause hadde vi god kontroll på kampen.

I 2. omgang var det mållaust lenge, til tross for goda sjansar til begge lag (flest til Ravn).
Mot slutten av kampen putta vi to gongar til, og ein fortjent 6-1 siger var sikra.
Dermed var det ein glad gjeng som reiste heim med 3 poeng i bagasjen, i ein kamp vi frykta på førehand.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv