Treningskampar

27 mars 2012
Skrevet av:

G98 (11er): Ravn/Norborg-Rollon 3-3.

J16 (11er): Ravn-Tomrefjord 2-3.
Tross eit knepent tap, gjorde jentene ein flott kamp mot eit sterkt Tomrefjordlag.
Dette var første 11ar-kampen for jentene, og det var nok ikkje berre trenarane som var spente på korleis dette kunne gå.
Etter Tomrefjorddominans i første omgang (1-3) tok Ravn over i andre, og dominerte til tider stort.
Vi sleit litt med avslutningane, og difor vart det med det eine Ravnmålet i andre omgang.
Målscorarar for Ravn: Ingeborg Førdestrøm og Amanda Klara Georgiadis Tenfjord.
Jentene har jobba hardt for å knekke “11er-koda”, og etter det dei viste i dag har dei knekt overraskande mange.
Det er herlig for ein trenar å sjå at jentene er så konsentrert og fokusert som dei var i dag.
Og når då United seinare på kvelden slo Fulham 1-0 vart dette ein “herleg kveld for fotball”.
Webredaksjonens kommentar til siste setning:»Neppe for Fulham som vart snytt for ei klar straffe i det 89 minutt».
Webredaksjonens kommentar til kampen:«Fantastisk gledelig at Ravn har so mange spelarar på J16 at dei kan stille
eit godt 11ar-lag. Det må minst vere 20 år sidan sist. Med litt meir 11ar-erfaring hadde ein nok vunne over Tomrefjord, men
det kjem. God innsats, og med eit par 11ar-kampar til i beina blir dette svært så bra trur vi. Publikum gler seg til seriestart»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv