Månedlig arkiv: mars 2012

Treningskampar

30 mars 2012
Skrevet av:

J13: Ravn-Herd (0-2) 3-6.
Tap i årets første treningskamp for J13 jentene. Likevel gjorde dei ein bra kamp.
Høgt tempo, tøffe duellar og ein god motstandar. Meir jamnspelt enn resultatet tydar på.
Herd meir effektive foran mål.
Vi såg nok til å kunne slå fast at J13 blir gode i år.

G16: Ravn-Aksla 5-1.
Solid av G16 som sette på plass eit godt lag frå Aksla.

G 99 talentsamling på Ravn Stadion torsdag kl 18-20

27 mars 2012
Skrevet av:

Aafk har beslutta å legge talentsamlinga for G 99 til Ravn stadion.
Vi har med 4 spelarar (Tobias H, Benjamin F, Lars D T og Torstein Å H (keeper).
Aafk ønsker å invitere trenarar i klubben til å delta på 30 minutter med informasjon om økta i forkant av 90 minutter ute (1830-2000)

Trur dette kan vere nyttig for både trenarar og foreldre å få med deg

Treningskampar

27 mars 2012
Skrevet av:

G98 (11er): Ravn/Norborg-Rollon 3-3.

J16 (11er): Ravn-Tomrefjord 2-3.
Tross eit knepent tap, gjorde jentene ein flott kamp mot eit sterkt Tomrefjordlag. Les meir »

Treningskampar

23 mars 2012
Skrevet av:

G13: Ravn-Norborg 9-2 (7-1)
G 99 spelte sin andre 11er kamp i går kveld. Den enda med heile 9-2 seier, etter 7-1 ved pause.
Første omgang var periodevis meget bra med god bevegelse, godt pasningspel og ein del flotte enkeltpresentasjonar.
Vi fall litt ut i andre omgang, men alt i alt ei fin gjennomkjøring for laget.

Alaget: Blindheim-Ravn 4-1 (0-0)
Alaget hangt godt med i 1. omgang mot Blindheim. I 2. omgang tok kreftene litt slutt, og Blindheim var sterkast.
Men så er det og 2 divisjonar i forskjell på laga, så Ravn gjorde ein heilt grei kamp utifrå dette.
Målet vart skåra av Kim Krogsæter.

J16 med flott innsats i vinterserien for damer.

13 mars 2012
Skrevet av:

Ravn har i vinter deltatt med 2 lag i vinterserien for damer i Sunnmørshallen.
Laga har gjort det bra, og fått fin kamptrening mot god motstand.
Begge laga har spela 5 kampar kvar.
Ravn 2 enda til slutt på ein fin 4. plass. Skarbøvik vann turneringa.
På toppskårarlista viste og Ravn godt igjen.
Ingrid Vatne vart turneringas toppskårer saman med Live Aandahl
frå Træff. Begge med 11 mål. Amanda Tennfjord frå Ravn vart nr 4
med 9 mål. Kjempeprestasjon av begge Ravnjentene. Spesielt imponerande
er det med tanke på at Ingrid berre er 14 år, og møtte her motstandarar
som var langt eldre.

Treningskampar

13 mars 2012
Skrevet av:

Det har vore spela ein og anna treningskamp med ulike Ravnlag.
Alag: Ravn-Stordal 1-1. Ravn nærast sigeren.
G16 (11ar): Langevåg-Ravn 1-1.
G13 (11ar): Ravn-Valder 6-0.
Vi minner igjen lagleiarar/trenarar/foreldre om å sende inn resultat og anna smånytt om laga.
Sendes til: admin@il-ravn.no

Byttedag sportsutstyr 23. mars. UTSATT!

06 mars 2012
Skrevet av:


UTSATT TIL EN SENERE ANLEDNING.

Fredag 23. mars blir det arrangert «byttedag» for sportsutstyr på Eidet Kulturhall kl 18:00-20:00.
Den som har sportsutstyr dei vil selge, må merke det med pris, og levere det inn torsdag 22. mars.
Ansvarleg for salget vil vere skigruppa.
Dei tek 10% av inntektene av det som blir solgt. Om nokon vil donere sportsutstyr i sin heilheit,
som er salgbart, blir vi naturlegvis også glade for det. Inntektene vil bli brukt til innkjøp av
rulleski til skigruppa, slik at dei som vil trene ski når det er snøfritt, slepp å kjøpe inn eige utstyr.
Kontaktinfo: Pål Arne Devold, Tlf 99219638, paal.devold@stxosv.com

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor

Banekalender

banekalender

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv