J13 med målkalas.

12 oktober 2011
Skrevet av:

J13, 1. div: Ravn-Vartdal 13-4 (6-2).
Mål: Ingrid (7), Rikke (2), Ingeborg (2), Fride (1), Sjølmål (1).

Ravnjentene var i leikehumør denne regnfulle oktoberkvelden på stadion.
Det var aldri tvil om kva som var det beste laget. Ravn styrte frå start til slutt.
Vartdal laga kun litt spenning då dei reduserte til 3-1 og 3-2 midt i 1. omgang,
men etter det var det Ravn som styrte alt.
Ingrid Vatne var kampens soleklare ener, og hadde ein enorm 1. omgang. Ho skåra
då alle 6 måla til Ravn, dei fleste på flotte soloprestasjonar.

2. omgang vart meir som ei transportetappe, der fleire Ravnjenter fekk teikne seg på
skåringslista. Alle jobba godt, sjøltilliten steig utover i kampen, slik det gjerne blir når
ein møter svakare motstand. Det er fort gjort å slappe av litt når det blir slik, men
jentene stod på kampen ut og det var ein fryd å sjå på innsats og vilje.

Dermed vart det ein flott avslutning på ein haustsesong det på førehand var knytta
stor spenning til. Med opprykk til 1. divisjon i vår, var J13 spente på kva som venta.
Det vart som venta ein del tap i starten, men jentene har spelt seg stort opp. Ein skal
og huske på at det ein møtte dei beste laga først. Så har laget utvikla seg i løpet
av sesongen, og på dei 3 siste kampane vart det 2 sigrar og ein uavgjort. Ei avslutning
som gjorde at ein klatra frå 8. plass til 6. plass. Det vil med andre ord seie at det berre
er 5 lag på Sunnmøre som er betre. Og det hadde ingen kunne tippa før sesongen tok til.
Så J13 kan med rette vere stolte av det dei har gjort i år.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv