G16 avslutta med stil.

24 oktober 2011
Skrevet av:

Etter eit knepent 2-3 tap borte mot Skodje tidlegare i veka, var det eit veldig motivert G16 lag som gjekk på bana mot Sykkylven 2 til årets siste kamp. Ravn vann 4-1 etter fire fine scoringar

Ravn tok leiinga 1-0 etter at ein god Fredrik Krogsæter braut eit bortelagsangrep, passerte to motstandarar og slo ballen til ein rettvendt Eiving Hagen. Han skaut frå ca 22 meter heilt nede ved stolperota. Sykkylven utlikna til 1-1 etter frispark. Ein ellers god Amund Krogsæter måte gi retur som bortelaget satte inn. Like etter kom 14 åringane Ole Kristian Aarseth og Jørgen Hatlehol i fokus. Førstnevnte vart spelt opp høgt i midtbaneleddet, vendte å ei berøring og slo ei meget presis pasning til ein Jørgen i god fart. Han runda keeper og satte ballen i mål via stolpen og dermed gjekk Ravn til pause med 2-1

Etter pause gjekk det ikkje lang tid før Jørgen var på farta igjen. Nok ein gong vart han spelt gjennom på høgrekanten og dermed scora han sitt andre mål for dagen. Etter dette jamna det seg ut heilt til Ravn sin solide midstoppar og kaptein, Tomas Bjørlykkhaug, ville det annaleis. Han snappa ballen, forserte og spelte ballen til Jørgen. Tomas kom på overlapping og gjekk heilt til dødlinja før han slo inn på første stolpe. Der møtte Eivind ballen og på heil volley scora han via tverliggaren til 4-1. Sykkylven vart tildelt straffespark, men Amund redda mesterleg. Ettter dette hadde Ravn tre store målsjansar etter fin spel, men både Jørgen og Fredrik makta å auke ledelsen. Ein fullt fortent seier i ein fairspelt kamp, godt leda av Norvald Lausund, Lepsøy

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv