G13 med god innsats i Kaddacup.

31 oktober 2011
Skrevet av:


Kaddacup er ei invitasjonsturnering, der dei antatt beste laga blir invitert til å vere med.
Turneringa blir arrangert av Bærum Sportsklubb. Ein må med andre ord ha gjort seg bemerka
på høgt nivå for i det heile å bli invitert.
Ravn/Norborg G13 har absolutt gjort det i år, og tok i helga turen til Oslo for å møte dei
beste 13-årslaga. Og der var absolutt mykje gode lag.
I fredagens kamp vart det tap 2-6 for Asker.
Laurdag vart det spela 2 kampar. I første kamp blei det tap 1-4 mot LøvHam.
LøvHam vann heile turneringa. I andre kamp på laurdag møtte ein Moss.
(Moss vann seinare bronsefinalen). No hadde gutane heva seg og tilpassa seg nivået.
Dermed vart det 3-3 mot Moss.
I kampen om 7. plassen mot Korsvoll hadde Ravn/Norborg full kontroll og vann 5-1.
Nikolas Fjørtoft vart toppskårar i turneringa med 7 mål!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv