Fantommål gav juniorane 3-3 mot Stranda

11 oktober 2011
Skrevet av:

Ravn – Stranda 3-3 (1-2)
Mål Ravn: Tommy Arnes, Erik V. Stokke, John Ivar Eide

To kjempemål av Tommy og Erik og ein glimrande laginnsats gav Ravnjunioarane ei sesongavslutning til å vere bekjent av mot Stranda mandags kveld. Gjestane har plukka mange poeng i haust, og etter eit jamnt 1.kvarter tok dei over og spelte seg til store sjanser. Tre ganger gjekk ballen i stolpen bak ein god og heldig Martin, men både 0-1 og 0-2 kom etter at Ravn litt unødvendig tapte ballen i farleg posisjon.
Ravn vart baktunge og kom sjeldan i angrep med nok folk og hadde knapt ein sjanse før Tommy gjorde alt sjøl 10 sekund før pause. Frå skrått hald og 35 meter plasserte han ballen mesterleg i lengste krysset.

Supermålet til Tommy såg ut til tenne gutane etter pause. Dei tok tak i kampen og var fullt på høgde med Stranda. Den heimvendte sjømann Erik markerte seg etter 10 minutt. Han forserte i stor fart frå midtbanen og limte ballen i krysset frå 25 meter. Sjeldan at Erik scorer, men dette var eit mål for historiebøkene.
No stod kampen og vippa, og Stranda såg ut til å ta sigeren etter eit mål der det var berre dommaren som ikkje såg at målscoraren var minst to meter i offside.
Men dette var kvelden då Ravn ikkje gav opp, og på eit flott framspel av Eivind Hagen stakk John Ivar fram sitt lyse hovud og stussa inn 3-3.
Eit solid Ravnforsvar anført av Jørgen og Michal stod i mot i sluttminutta, og laget kunne juble etter eit litt uventa poeng.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv