Alaget slo Norborg2 4-3

19 oktober 2011
Skrevet av:

5.div ad. 3.
Norborg2-Ravn 3-4 (1-3)
Mål Ravn: Tore Nedrevold (2), Eivind Ulla, Trond Hamre

Ravn måtte slite for sigeren i nabooppgjeret mot Norborgs nest beste menn i Uggedalen tirsdag. I ein sjanserik kamp, men der feilpasningane florerte, hadde Ravn ein tilsynelatande trygg ledelse 4-1 20 minutt før slutt. Men i sluttminutta var det like før det vart 4-4.
Heimelaget stilte med eit rimeleg bra lag og tok leiinga på eit flott vinkelskot, før Ravn etterkvart tok over. Tore dundra inn utlikninga, før Eivind kriga inn ein corner. Trond viste gamle gode takter då han forserte og dundra ballen i krysset til 1-3 før pause.

Ravn fekk ei flott åpning av 2. omgang. Stoppar Andrè Fjørtoft forserte og sende eit høgt framspel til Tore, som leverte kampens beste prestasjon då han tok ned ballen og avslutta kjapt og velplassert til 1-4.
Ravn burde no ha avgjort kampen, men rota vekk enorme overgangar med upresise sistepasningar. I staden var det heimelaget som tok over og fekk to kjappe mål. I sluttminutta var det kjempesjanser til begge lag, men 3-4 stod seg.
Med denne sigeren har Ravn tatt 17 poeng i haust og er i ferd med å levere ein nokonlunde anstendig sesong, etter mager poengsanking i vår. Men det blir ei tøff avslutning, med bortekampar mot Emblem torsdag og Ørskog søndag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv