A-laget vann 6-4 mot Brattvåg i siste heimekamp

14 oktober 2011
Skrevet av:

Ravn-Brattvåg 2 6-4 (2-2)
Mål Ravn: Tore Nedrevold 3, Knut Egil Lid 2, Kim Krogsæter.
God dommar: Arild Vegsund, Norborg. To gule kort til Brattvåg.

A-laget spelte årets siste heimekamp torsdag, og med ein flott 2.omgang hadde dei etterkvart små problem med å slå Brattvåg 2 6-4.
Kim Krogsæter åpna scoringane, før Brattvåg utlikna og tok over. Ravn kom sterkt fram mot pause og Knut heada pent inn 2-1. Men gjestane utlikna igjen.

I 2.omgang vart det til tider einvegskøyring mot ex-Ravnkeeper Holger Tovaas i Brattvågmålet. Det vart tidleg 3–2 på eit flott gjennomspel frå banens beste Kim som Knut forvalta på beste måte. Midtbanen til Ravn jobba svært godt og let ballen gå kjapt, samtidig som det vart meir adresse på oppspela frå forsvaret. Det skapte mange gode sjanser, og med tre susande langskot vart det eit kjapt hat trick for Tore. Det lukta total utklassing 10 minutt før slutt, men så vart det for mykje fikse hælspark og tunnellforsøk, som resulterte i balltap, overgangar og to seine reduseringsmål.

A-laget har att tre bortekampar i neste veke, tirsdag (Norborg), torsdag (Emblem) og søndag (Ørskog).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv