2 x Anders Berg då A-laget slo HaNo 5-1

02 oktober 2011
Skrevet av:

Ravn-HaNo FK 5-1 (1-0)
Mål Ravn: Anders Berg 2, Stian Stokke 2, Trond Hamre.

Legenden Anders Berg var sentral da Ravn vann 5-1 over HaNo FK fredag og rykte opp to plasser frå botnplasseringa.
Veteranen stod på og jobba godt heile kampen, og var på rett plass og kriga inn 1-0 mot slutten av 1.omgang, etter eit flott forarbeid av Trond Hamre.

I andre omgang stod kampen og vippa før Anders slo til med ei lur heading på bakerste stolpe og 2-0.
HaNo reduserte til 2-1 etter corner, men elles tok keeperdebutant Kristian Osvik (31)-inn i 2.omgang- det som kom. Han spelte sist på A-laget som 20-åring, då som spiss.
Ravn dominerte meir og meir utover i omgangen, og med eit fint gjennombrot og sikker avslutning av Trond, samt ei heading og eit langskot av Stian vart det tre kjappe mål siste kvarteret. Då skapte Ravn mykje bra når dei let ballen gå og brukte kantane.
Begge laga slit med rekrutteringa; det var tynt på benken. Ravn hadde ein innbyttar + keeper.
HaNo hadde lite å by på, og gjorde seg mest bemerka med høglytte protestar mot dommar Norvald Laussund, som dømte heilt greitt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv