Månedlig arkiv: oktober 2011

J13 på inne-KM

31 oktober 2011
Skrevet av:

J13 tok turen til Åheim i helga for inne-KM.
Dei 4 kampane i gruppespelet gjekk svært så bra, og Ravnjentene vann pulja si. Les meir »

G13 med god innsats i Kaddacup.

31 oktober 2011
Skrevet av:


Kaddacup er ei invitasjonsturnering, der dei antatt beste laga blir invitert til å vere med.
Turneringa blir arrangert av Bærum Sportsklubb. Ein må med andre ord ha gjort seg bemerka
på høgt nivå for i det heile å bli invitert. Les meir »

Impulssamling på Ravn Stadion onsdag 26.10 kl 18-20.

25 oktober 2011
Skrevet av:

I forbindelse med samling for Bylag Ålesund, gutter, har vi gleden av å invitere deg til impulssamling på

Ravn Stadion, Vatne, onsdag 26.10.11 kl. 18.00-20.00
Temaet for samlingen vil være

”Hvordan la de beste få lov og mulighet til å bli god i en breddeklubb” Les meir »

G16 avslutta med stil.

24 oktober 2011
Skrevet av:

Etter eit knepent 2-3 tap borte mot Skodje tidlegare i veka, var det eit veldig motivert G16 lag som gjekk på bana mot Sykkylven 2 til årets siste kamp. Ravn vann 4-1 etter fire fine scoringar Les meir »

Flott haustsesong av G12

24 oktober 2011
Skrevet av:

G12 har hatt to sjuarlag i serien, og laga har gjennomført ein god haustsesong. Dei aller fleste kampane har resultert i klar overvekt med mål til Ravn. I den siste kampen mot Ellingsøy borte scora laget heile 14 gongar og våre gode keeparar måtte kun hente ballen ut av eige nett ein gong. Fleire av scoringane til Ravn kom etter gode angrep der mange av spelarane var involvert. Super jobb gutta !

Alaget måtte avlyse kamp.

24 oktober 2011
Skrevet av:

Søndag skulle alaget spele siste bortekamp for sesongen mot Ørskog.
Laurdag måtte ein gi beskjed til Ørskog om at kampen måtte avlysast pga
mannskapsmangel. Ein skamplett i det som elles har vore ein flott sesong
for fotballen i IL Ravn.

Alaget slo Norborg2 4-3

19 oktober 2011
Skrevet av:

5.div ad. 3.
Norborg2-Ravn 3-4 (1-3)
Mål Ravn: Tore Nedrevold (2), Eivind Ulla, Trond Hamre

Ravn måtte slite for sigeren i nabooppgjeret mot Norborgs nest beste menn i Uggedalen tirsdag. I ein sjanserik kamp, men der feilpasningane florerte, hadde Ravn ein tilsynelatande trygg ledelse 4-1 20 minutt før slutt. Men i sluttminutta var det like før det vart 4-4. Les meir »

G13 vann og sin siste kamp. 7-1 på Høddvoll!

17 oktober 2011
Skrevet av:

Den siste kampen gjekk mot Hødd på kunstgraset sønadg. Kampen vart litt utsett på grunn av at eine ferja hadde problem med ein frekvensomformar og låg på Hareid.
7-1 (4-0)vann gutane våre med etter kvart. Særleg ei periode på 10 min. i 1. omgang viste dei spel av ypperste merke. Jamnt og trutt drog dei frå heimelaget, som sleit fole med å skape sjansar. Ravn/Norborg på si side skapte veldig mange. Dermed vart det 10 sigrar av 10 moglege og 63-15 i målskilnad i haust. Det er ikkje verst. Etter kampen stillte gutane sporty opp som ballgutar i Adeccoligakampen mellom Hødd og Kongsvinger.
Heile laget har gjort er formidabel innsats over lang, lang tid for at dette skulle bli ein realitet. Ikkje minst trenar Lars Tenfjord som har hatt gutane i seks år.

G13 Ravn/Norborg vart krinsmeistarar!

16 oktober 2011
Skrevet av:

Glade vinnarar og like glade foreldre


Ravn/Norborg G13 krinsmeister
Ravn/Norborg- Emblem 11-0. For første gong i historia kan Ravn skilte med ein krinsmeistertittel på gutesida i aldersbestemte klasser. Jentelag i Ravn har vore krinsmeister, det same har både damelaget og herrelaget i sine divisjonar, men tittelen i aldersbestemte klassar heng minst like høgt. Kor tøft det er å hevde seg viser det faktum at Ravn sidan 1954 ikkje har hatt eit lag som har klart den prestasjonen.

Med god hjelp og godt samarbeid frå våre gode naboar i Norborg har 13-åringane i haust spelt dobbelt serie i 1. divisjon saman med Volda, Herd, Hødd, Rollon og Emblem. Med 27 poeng og 56-14 i målskilnad på ni kampar, er laget vinnar av divisjonen og dermed krinsmeister før siste kampen mot Hødd. Den går søndag klokka 1300 på Hødvoll, som forkamp i Adeccoligakampen mellom Hødd og Kongsvinger. Heile laget har gjort ein formidabel innsats over lang, lang tid for at dette skulle bli ein realitet. Ingen nemnt og ingen gløymt.

A-laget vann 6-4 mot Brattvåg i siste heimekamp

14 oktober 2011
Skrevet av:

Ravn-Brattvåg 2 6-4 (2-2)
Mål Ravn: Tore Nedrevold 3, Knut Egil Lid 2, Kim Krogsæter. Les meir »

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv