Uavgjort for alaget med 10 mann.

01 september 2011
Skrevet av:

5.div: Ellingsøy-Ravn 2-2 (1-1).
Ravns A-lag gjorde ein fin kamp på Ellingsøya torsdag, og greidde med stor innsast 2-2 etter ein taktisk godt gjennomført kamp.
Desto meir imponerande når laget spelte 85 minutt med 10 mann. Innleigd gjestekeeper Øystein Bjørkevoll måtte nemnleg forlate banen med raudt kort i åpningsminutta, då han møtte ein Ellingsøyangripar på 18 meter og hekta han. Korrekt kort, men Øystein berga baklengsmål. Frisparket vart resultatlaust.
Øyvind Koppen Krogsæter tredde på seg keeperdrakta, og med 10 mann var det Ravn som scora først då Eivind Ulla knalla til frå 22 meter. Ellingsøy utlikna til 1-1 før pause.

I 2. omgang var Ravn faktisk best og hadde dei største sjansane. 1-2 kom etter eit flott overlegg frå høgre back Torfinn Bjørnøy, som Tore Nedrevold mesterleg skaut i mål. Desverre utlikna øyingane omgåande på frispark, men greidde ikkje å sette eit hardtarbeidande Ravnforsvar under så voldsomt press. Anført av banens bestemann Øyivnd Farstad reid dei stormen av, og var faktisk nærmast tre poeng etter eit par kjempesjansr i sluttminutta.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv