Ravnkampar

08 september 2011
Skrevet av:

Nokre kampar har vore spela dei siste dagane:
Tirsdag, J14 2.div: VRF-Ravn 1-2.
Tirsdag, G14 1.div: Ravn-Langevåg 1-7. Mål: Nikolas.
Onsdag, J13 1.div: Ravn-Herd 2-8.
Bra av J14, stygge siffer for dei to 1.divisjonslaga våre som var i aksjon. Men vi skal huske at begge laga hadde besøk
av topplaga her på Sunnmøre. 7-1 er eit stygt resultat i 11er-fotball, men kampen var langt meir jamnspelt enn resultatet
skulle tilsei. Den største forskjellen var at gjestane frå Langevåg var langt meir effektive, samtidig som dei har eit svært
solid forsvar.
J13: Ravn-Herd1 2-8 (2-5).
Mål: Ingrid (1), 1 sjølmål.
Sunnmøres beste J13-lag var på besøk i kveld. Med 17 mål i snitt på 3 kampar, var vi spente før møtet med dette laget. Det viste seg tidleg at dei slett ikkje var overmennesker, men eit fotballag som var jamnt og godt besatt på alle plassar. Herd spelte veldig bra fotball heile tida. Men forskjellen på laga var ikkje så stor som frykta. Ravn gjekk respektlaust til verk og gjekk opp i leiinga 1-0 etter eit par minutter spel. Herd var tålmodige og spelte sitt spel og gjekk etter kvart opp i leiing 3-1 mot eit hardtkjempande Ravnlag. Og Ravn er absolutt med og reduserar til 3-2 etter eit fint raid av Ingrid. 2 mål til av Herd, av det litt lette slaget gjorde at dei leia 5-2 til pause. 2. omgang er nokså lik den 1. Herd skårer 3 mål, medan Ravn ikkje skårer sjøl om vi og har våre sjanser. Vi skal likevel vere godt nøgd med innsatsen i denne kampen. Alle stod på og jobba hardt, og dei to yngste spelarane våre hadde ein hard kamp i beina frå dagen før. Men det kunne ingen sjå. Så var det artig med Andrea som har gjort Comeback og stod glimrande i mål i 2. omgang (det same gjorde forøvrig Ingeborg i 1. omgang).
Ellers godt jobba. Vi er no i ferd med å tilvenne oss nivået, er stort sett ferdige med dei beste laga, og kan gle oss til resten av kampane!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv