Juniorane vann over Skodje

20 september 2011
Skrevet av:

2.divisjon avd. 1 juniorserien.
Ravn-Skodje 2-1 (1-0)
Mål Ravn: Even Vatneødegård, Eivind Hagen
Mål Skodje: Lars Even Beite (str).

Ravnjuniorane mobiliserte til ein kjempeinnsats mot Skodje på heimebane mandag, og tok ein herleg innsatssiger i ein tøff og spennande kamp. Og ein aldri så liten revansje for A-lagets pinlege tap forrige veke..
Skodje sitt *-lag (overårige) er eit godt lag med mange slepne og raske teknikarar framover på banen, og etter jamne åpningsminutt tok gjestane over. Men heldigvis for Ravn hadde dei ikkje dagen framfor mål. Enten vart skota blokkerte eller takla av eit oppofrande Ravnforsvar, eller avslutningane trilla utanfor. Og det som kom mellom stengene tok ein strålande Martin seg av. Banens bestemann varta opp med eit par klasseredningar mann mot mann.
Derimot viste Ravn effektivitet etter halvtimen. Eit nydeleg angrep vart rulla opp, Tommy serverte ei perfekt pasning til kaptein Even, som skar inn frå høgre og skaut hardt i mål.

Andre omgang vart jamnspelt, med dei farlegaste sjansane til Skodje. Men Ravnforsvaret og keeper Martin var solide og tok det som kom. Til slutt måtte det eit straffespark til før utlikninga kom etter halvtimen. No var Skodje i støtet, men i staden var det Ravn som slo tilbake. Øystein sende ein poleball inn frå venstre, og i kamp med to forsvararar og keeper viste Eivind både mot, spenst og perfekt timing då han var høgast og heada ballen i mål. Ein flott prestasjon av 16-åringen; der kom fotballgenene til syne, truleg frå morssida..
Ravn kontrollerte i sluttminutta, og kunne sleppe jubelen laus for ein herleg lagseier. Alle mann stod på og bidrog. På minussida må nemnast to alldeles unødvendige kort for protest mot dommaren.
4-5 offsider på offensiv dødball får vi skrive på kontoen for speleglede og lyst til å score mål.

Laget: Martin Skaar Vadset, Øystein Longva Tennfjord, Jørgen Sperre Tennfjord, Michal Slydal, Joakim Otterlei, Even Vatneødegård, Tommy Arnes, Stian Vatnehagen Stokke, Joachim Hove Sørvik, Joakim Roald, John Ivar Eide, Eivind Hagen, Anders Slyngstad, Kristian Standal, Mads Even Hatlehol, Thomas Bjørlykkhaug.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv