Juniorane kjempa godt mot Valder

06 september 2011
Skrevet av:

Jr. 2.div. avd.1: Ravn-Valder 1-3 (1-2)
Mål Ravn: Eivind Hagen

Ravnjuniorane leverte ein god heimekamp mot lederlaget Valder mandag, men måtte sjå seg slått 1-3. Dermed den 11. av 12 sigrar for det gode øylaget.
Dei fekk ei pangåpning med 0-1 i åpningsminutta, men deretter kom Ravn inn i kampen. Etter eit flott raid på høgresida av Even Vatneødegård hadde Eivind Hagen lett jobb med å sette inn det perfekte innlegget.
Ravngutane jobba heroisk mot eit teknisk godt gjestelag med mange kjappe individualistar, og det var først heilt mot slutten av omgangen at det vart 1-2.
Andre omgang var også av god klasse av våre gutar; Valder heile tida eit like hakk betre i banespelet, men til tider greidde også Ravn å kombinere seg framover med bra pasningsspel.
Gledeleg var det å sjå 15-åringane Espen V. Arnes og Thomas Bjørlykhaug som gjorde ein veldig fin kamp.
Ravn hadde ein kjempesjanse til 2-2, men det vart Valder som avgjorde 10 minutt før slutt med eit susande langskot, utakbart for Martin som stod nok ein god kamp.
Ros til heile laget som stod på til siste slutt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv