Brukbart med deltaking på Fannetrakken

12 september 2011
Skrevet av:

Førstegongssyklarane Line Skarsbø Grytten (8) og Emma Otine Hagen (8) i fint driv opp bakkane i Ertresvågen saman med Lisbeth Skarsbø Grytten


I blanda ver var det 107 personar som sykla årets Fannetrakk. Eit brukbart antal med tanke på at det er eit
par år sidan Fannetrakken har vore arrangert. Dette er eit kjekt arrangement for heile familien, og vi vil legge
oss i selen for at arrangementet igjen skal gå kvart år. Og med betre marknadsføring må målet for neste år vere
at enda fleire skal sykle. Det skal vi få til.

Stein Harsjøen


Stein Harsjøen er ein typisk Fannetrakkar. Og kva gjer ein typisk Fannetrakkar når han punkterer etter 3 km? Jau, han legg sykkelen i grøfta og joggar/går dei siste 17 km til mål!

Kjetil Skodje og Lars Skarsbø


Fannetrakken vart i år arrangert for 29. gong. Harald Vatnehol deltok i år for 29. gong! På bilete to andre veteranar, Kjetil Skodje (æresmedlem i IL Ravn) og Lars Skarsbø.
Det vart og lodda ut ein sykkel blant dei deltakande. Sykkelen til ein verdi av kr 4.990 vart vunne av Karoline Giske. Vi gratulerer.

Greta Grytten og Arne Vatne sørga for at slitne syklistar fekk påfylling av saft i Fannedalen


Sigurd Tennfjord sleper far Frode Tennfjord opp ei kneik i Fannedalen


Sosialt i kafeen etter løpet


Leiar i IL Ravn, Yvonne Bjørkevoll, serverer gratis pølse til deltakarane

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv