Månedlig arkiv: september 2011

Tap for G14

28 september 2011
Skrevet av:

G14, 1. div: Valder-Ravn 1-0.
Knepent tap for G14, som dermed vart passert av nettopp Valder på tabellen.
Laget ligg no på 5. plass med 2 kampar igjen å spele. Det er tett i divisjonen. 3 poeng
opp til tetlaget Langevåg og 3 poeng ned til 7. plass. I dei 2 siste kampane skal Ravn møte
Herd og Sykkylven. Dei ligg på henholdsvis 2. og 3. plass. Så det er 2 tøffe kampar som står igjen.

J13 med sterk siger

27 september 2011
Skrevet av:

J13 1. div: Blindheim1-Ravn 3-4
Mål: Ingrid (3), Ingeborg (1)
Herleg siger for J13 i 1. divisjon på bortebane mot Blindheim.
Ravn var det førande laget og vann fortjent borte mot Blindheim.
Etter uavgjort sist og siger no er J13-jentene no på glid. Vi har god
tru på ny siger i siste kamp for sesongen som er heime mot Vartdal.

G13 Ravn/Norborg med KM-tittel i sikte.

26 september 2011
Skrevet av:

G13 vann søndag 5-4 i toppkampen mot Volda i 1. divisjon.
Mål: Nikolas (3), Joakim (1), Markus (1).
Dette var ein utruleg viktig siger, då det er nettopp Volda som er sterkaste utfordraren til KM-tittelen.
Ravn/Norborg leiar no med 6 poeng på Volda, med 3 kampar igjen å spele. Det er fortsatt
eit godt stykke jobb som skal gjerast, men det ser lyst ut for Lars Tennfjord sitt mannskap.
18.09 vann dei forøvrig 3-2 borte mot Herd, som ligg som nr 3 i divisjonen. Rollon, Emblem og
Hødd gjenstend for Ravnlaget. Forhåpentlegvis er det avgjort før ein reiser til Høddvoll for å møte
Hødd i siste kamp.

Innbrot i Stadionkiosken.

22 september 2011
Skrevet av:

Dei simplaste blant oss har igjen vore på ferde og tømt stadionkiosken for varer.
Sjokolade, brus, potetgull, pølser, pølsebrød og kaffi er vekke. Dette har skjedd mellom
onsdag kveld og torsdags morgon. Vi vil gjerne ha tips om det er nokon som har sett eller
ser noko som kan setjast i samanheng med dette.
Og vi vil med dette informere dei lite intelligente taparane som gjer slikt at det aldri meir
vil bli oppbevart kioskvarer i kiosken.

G14, Ravn slo Aafk

21 september 2011
Skrevet av:

G14, 1. div: Ravn – Aafk 1-0 (1-0)

Ravn sitt G14 lag slo Aafk 1-0 i en flott fotballkamp på Ravn stadion i går kveld. Les meir »

Juniorane vann over Skodje

20 september 2011
Skrevet av:

2.divisjon avd. 1 juniorserien.
Ravn-Skodje 2-1 (1-0)
Mål Ravn: Even Vatneødegård, Eivind Hagen
Mål Skodje: Lars Even Beite (str).

Ravnjuniorane mobiliserte til ein kjempeinnsats mot Skodje på heimebane mandag, og tok ein herleg innsatssiger i ein tøff og spennande kamp. Og ein aldri så liten revansje for A-lagets pinlege tap forrige veke.. Les meir »

G2002 miniturnering

19 september 2011
Skrevet av:

Nabo Norborg på besøk

Et par bilder i fra siste miniturneringa i år, den for G-09, som ble avsluttet på en solfylt og varm septemberdag på Ravn Stadion.
Der det ble spilt totalt 12 kamper. Kjempeflott innsats av våre guttene, og med hjelp av foreldre og dommere,
ble det en vellykket dag. Ene bildet «takk for kampen» mellom Ravn og Norborg. På andre bildet fra kiosk køa, godt kiosksalg denne dagen 🙂

Ravnkampar

15 september 2011
Skrevet av:

Sunnmøre Fotballkrets slit med resultatregistreringa si.
Det er difor mangelfullt med resultat som bli lagt ut.
Men her er i alle fall nokre som vi veit om.
Søndag: G14, 1. div: Bergsøy-Ravn 3-4.
Mandag: G19, 2. div: Emblem*-Ravn 5-1.
Tirsdag: J13, 1. div: Volda-Ravn 8-3.
Torsdag: Alag, 5. div: Ravn-Skodje 1-11. Issa.

Brukbart med deltaking på Fannetrakken

12 september 2011
Skrevet av:

Førstegongssyklarane Line Skarsbø Grytten (8) og Emma Otine Hagen (8) i fint driv opp bakkane i Ertresvågen saman med Lisbeth Skarsbø Grytten


I blanda ver var det 107 personar som sykla årets Fannetrakk. Eit brukbart antal med tanke på at det er eit
par år sidan Fannetrakken har vore arrangert. Dette er eit kjekt arrangement for heile familien, og vi vil legge
oss i selen for at arrangementet igjen skal gå kvart år. Og med betre marknadsføring må målet for neste år vere
at enda fleire skal sykle. Det skal vi få til. Les meir »

Ravnkampar

12 september 2011
Skrevet av:

Fredag: G16, Ravn-Herd2 0-4.
Søndag: G14, 1. div Bergsøy-Ravn 3-4.
Juniorlaget har i dag bortekamp mot Emblem. J16 har bortekamp mot Volda. J11 har heimekamp mot Aksla.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor

Banekalender

banekalender

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv