Tap for J13

23 august 2011
Skrevet av:

Bake frå venstre: Kai Oscar Eidsvik, Malin Jørgensen, Mathea Jenssen, Katharina Eik, Ingrid Vatne, Rikke Naalsund, Arne Vatne. Framme: Emma Sofie Eide, Elise Davik, Marina Tomren, Emma Grytten, Malin Stokke.


J98 Ravn-Aksla 3-6 (0-1).
Mål: Ingrid Vatne (3).
Heimedebut i 1. div for J13. Vi visste at vi skulle møte eit godt lag i Aksla 1. Jentene var difor godt skjerpa fra start, og kjempa godt. Aksla var eit jamnt besatt lag som var av det meir spelande laget. Ravnjentene var godt med, jobba hardt og slapp Aksla sjeldan til. Etter 20 minutt nølar vi litt for mykje i midtforsvaret og Aksla gjer 1-0. Resten av omgangen er vi fullt på høgde og har våre sjansar til å skåre. Vi ligg under 1-0 til pause, men har likevel muligens prestert vår beste omgang til no i år. Vi prøver å kopiere dette i 2. omgang, men greier ikkje det heilt. Beina er litt tyngre og Aksla slepp litt lettare til. Aksla har no ei svært god periode, får god uttelling og aukar jamnt og trutt til det står 5-0 etter 20 minutt. Ravn ser ferdige ut. Men Ingrid lukkast endeleg med eit raid og gjer 1-5 på ein fin soloprestasjon. Dette gir jentene trua igjen. Litt seinare vinn Marina ballen og finn Ingrid med ein fin ball, som ho set sikkert i mål. Etter vel 30 minutt kjem Ingrid på eit nytt raid og gjer 3-5. Ei svært god periode av Ravn. Rett før slutt aukar Aksla til 6-3. Samtlege Ravnjenter gjorde ein god jobb. Det blei tap, men vi har allereie vist at vi langt fra blir den kasteballen ein kanskje hadde frykta etter opprykket var klart i vår. Dei første poenga kjem snart.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv