Tap for J13 på Color Line Stadion.

31 august 2011
Skrevet av:

J13 1. div: Guard-Ravn 8-4 (1-2).
Mål: Ingrid (3), Malin (1).
Det siste kvarteret øydela for Ravnjentene.
Etter ein god 1. omgang kunne Ravnjentene gå til pause med 2-1 leiing.
Det burde vore 2-0. Guard skåra i det 43. minutt. Ein omgang i denne
klassa varer i 35 minutt, men det hadde ikkje kampens dommar fått med seg…
Første halvdel av 2. omgang er forholdsvis jamn og det står 4-4 midt i omgangen.
Så rotar Ravn det til for seg og slepp inn eit par lettkjøpte mål. Då dett ein litt
saman og Guard får skåre to mål til. Dermed 8-4 til Guard. Fortjent seier til
Guard, men resultatet lyg ein del. Men vi slepp inn litt for mange «dritmål».
Faktisk vart dei 4 finaste måla i kampen skåra av Ravn. Og vi er
absolutt bra med.

Neste lag som står for tur er Herd 1. Dette er det laget på Sunnmøre som
er det mest suverene i ungdomsklassene i forhold til sine motstandarar.
Så her får vi brynt oss på det beste av det beste. Blant anna vann dette
laget Hessa Cup i år, i ei årsklasse høgare enn dei høyrer heime i. På sine
3 første kampar har dei skåra formidable 51 mål.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv