Månedlig arkiv: august 2011

Tine Fotballskule 19.-21. august

13 august 2011
Skrevet av:

Ikkje gå glipp av årets fotballskule på Ravn Stadion.
Over 150 stk er til no påmeldt. Vi har plass til fleire og det er mogeleg å melde seg på
heilt fram til fotballskulen startar (19. august). Påmelding til tinefotball@il-ravn.no
Vi har sikra oss mange gode instruktørar i år. Blant anna Trond Fredriksen (Aafk),
Fride Mørkeseth (Fortuna), Knut Hallvard Eikrem (Molde). Det vert og eigen keeperskule.
Comet Sport vil ha salg av trenings og fotballutstyr.
Ålesund Oljeklede vil ha stand for salg av sin nye regntøykolleksjon.
Og det vil i år bli salg av heilt nye Ravneffektar.
Ellers vert det kiosk/kafe/grill/Ravnlotteri som vanleg
Dette vert ei kanonhelg som alle unge fotballspelarar i Haram og omegn bør få med seg.
Ikkje minst kan vi garantere at den sportslege biten vil verte svært god.

A-laget med overraskande siger.

11 august 2011
Skrevet av:

Ravn-Stordal (3-0) 4-0.
Mål: Kim Andre Krogsæter, Tore Nedrevold, Eivind Ulla og Jørn Heggelund.
Alaget tok endeleg sin første siger i år, og det mot Stordal som er topplaget i 5. divisjon. Les meir »

G14 – lagbilde frå Norway Cup.

10 august 2011
Skrevet av:

Tine Fotballskule med mykje gode instruktørar.

08 august 2011
Skrevet av:


Mange gode instruktørar kjem i løpet av Tine Fotballskule innom for å jobbe med spelarane.
Blant desse er Trond Fredriksen (Aafk), Knut Hallvar Eikrem (Aker-akademiet/Molde) og Fride Mørkeseth (Fortuna).
Så om du ikkje har meldt deg på enno må du hive deg rundt og få gjort det.

Norway Cup: G14 tapte kvartfinalen.

04 august 2011
Skrevet av:

G14: Ravn-Stranda 0-1.
Eit knepent tap mot Stranda i kvartfinalen, gjer at Norway Cup no er over for G14.
Uansett ein svært god prestasjon av laget.

Norway Cup: Ravn G14 til kvartfinalen!

04 august 2011
Skrevet av:

G14: Ravn-Kvinesdal 9-0.
Mål: Nikolas (3), Joakim (2), Jørgen (2), Markus (1), Ole Kristian (1).
Oioioi. Ravn klinka til med heile 9-0 over Kvinesdal. Eit utruleg sterkt resultat i ein 8.delsfinale i Norway Cup.
Vi må berre ta av oss hatten for dette laget. No er det kvartfinale i dag kl 14:30.
Der skal Ravn møte sunnmørsk motstander, vinnaren av kampen Åheim-Stranda.
Kvartfinalen går på Ekeberg bane E15. Så om du er i Oslo i dag, så veit du kor du bør befinne deg kl 14:30.

Norway Cup: G14 vidare til 8.delsfinale!

03 august 2011
Skrevet av:

G14: Ravn-Åmdal/Tokke 6-0.
Mål: Ole (2), Jørgen (1), Joakim (1), Nikolas (1), Thomas (1).
Suveren siger til gutane. Dermed er det klart for 8.delsfinale.
Den går mot vinnaren av kampen Kvinesdal-Sandane.
Vi kjem tilbake med motstandar når den kampen er ferdig.
Kampstart er kl 09:00 i morgon tidleg! Om Ravn også skulle greie å vinne denne
kampen, er det kvartfinale samme dag kl 14:30.

Norway Cup: G16 tapte i dag.

03 august 2011
Skrevet av:

G16: Ravn-Tjørvåg 0-1 (etter sudden death).
0-0 i ordinær tid, gjorde at det vart ekstraomganger med sudden death.
Då lukkast Tjørvåg med å skåre, og Norway Cup er dermed over for G16.
No er det berre å kose seg dei siste dagane.

Norway Cup: G16 med velfortjent siger.

02 august 2011
Skrevet av:

G16: Ravn-Nordreisa 2-0.
Mål: Eivind (1), Kristoffer (1).
Viktig og fortjent siger til G16. Det betyr B-sluttspel i morgon for Ravn,
medan turneringa er over for Nordreisa.
Les meir »

Norway Cup: G14 med ny siger.

02 august 2011
Skrevet av:

G14 Ravn-Hafslo 2-1.
Mål: Jørgen og Ole.
Ravn spelte sin siste kamp i puljespelet i dag, og har no vunne 3 av 3 kampar.
Dei vinn dermed pulja si og skal i morgon kl 17:15 spele 16.delsfinale mot
Åmdal-Tokke. Sannsynlegvis eit godt lag. Åmdal-Tokke og vunne sine 3 kampar mot
Lille Tøyen, Hødd og Varpe. Les meir »

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv