Norway Cup: G14 med ny siger.

02 august 2011
Skrevet av:

G14 Ravn-Hafslo 2-1.
Mål: Jørgen og Ole.
Ravn spelte sin siste kamp i puljespelet i dag, og har no vunne 3 av 3 kampar.
Dei vinn dermed pulja si og skal i morgon kl 17:15 spele 16.delsfinale mot
Åmdal-Tokke. Sannsynlegvis eit godt lag. Åmdal-Tokke og vunne sine 3 kampar mot
Lille Tøyen, Hødd og Varpe.
Åmdal-Tokke er eit lag frå Vest-Telemark. Kommuna heiter Tokke og kommunesenteret
heiter Dalen. Geografisk er dette omtrent midt i mellom Oslo og Stavanger. Av resultata
deira i innleiande runder, let vi oss imponere av ein 5-0 siger over Hødd.
Åmdal-Tokke sitt G14-lag enda i vår som nummer 3 i si avdelig, bak Høydalsmo 2 og Kviteseid,
og la bak seg lag som Vinje, Seljord, Dyra Vaa og Høydalsmo 1.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv