G16 vann klart.

27 august 2011
Skrevet av:

G16: Ravn-Ørsta/Sæbø2 5-1 (3-1).
Mål: Even Ødegård (1), Thomas Bjørlykhaug (1), Eivind Hagen (1), Espen Arnes (1), Ole Christian Årseth (1).
Etterlengta siger til Ravn sitt G16 lag. G16 er ikkje av dei laga i Ravn det er mest blest rundt, men det er
flotte representantar for Ravnfotballen, som har stått på i mange år for sporten og klubben i deira hjarte.
Treningsiveren er stor, det same er engasjementet til trenarane Terje Ødegård og Jan Petter Hagen.
Ravnlaget er forholdsvis ungt, i går var berre 4 av spelarane siste års guttespelarar.

I går var det klart for møte med Ørsta/Sæbø2, eit lag som Ravn tapte 2-1 mot i vår, på ein heller sur måte.
Ravnspelarane hadde tydelegvis bestemt seg for at akkurat det ikkje skulle gjenta seg. Dei var kontante frå
start og allereie før det har gått 2 minutt, leiar Ravn 1-0. Eivind vinn ein ball på midten, slår ein finn ball ut til Even
på sida. Even avanserer mot mål, er kald og roleg i avslutninga og skårar på sikkert vis. Rett etter er Ravn nært 2-0
på corner. Ravn er det klart beste laget i starten. Det er difor mot spelets gang når Ørsta gjer 1-1 etter 10 minutt.
Men målet dei skårer er fint, fine kombinasjonar og sikker avslutning. Ravn let seg ikkje stresse av dette, og fortset
med å vere det førande laget. Blant anna er Ravnspelarar åleine med keeper to gongar utan å lukkast med avslutninga.
Mykje fint spel no. Etter 24 minutt lukkast Ravn igjen. Denne gong på fint slått corner frå Jørgen som Thomas headar
i mål. 2-1 til Ravn. Rett etter aukar Ravn til 3-1 på elegant vis. Thomas slår frispark frå midten, og på Zlatan-vis med
ryggen mot mål, heler Eivind ballen elegant i mål. «Såg du skåringa mi» sa ein godt nøgd Eivind til journalisten etter kampen.
Jepp, han fekk med seg alt frå campingstolen sin.
Etter 36 minutt er det nesten skåring for Eivind igjen, men headinga etter nok eit godt innlegg frå Jørgen, går i stanga.
Dermed 3-1 til pause.
Ravn opnar 2. omgang like godt som dei gjorde i 1. omgang. Etter vel eit minutt får Espen ballen ute på sida på midtbana,
gjer alt sjøl, forserer innover mot 16-meteren og berre feier ballen i krysset. Nydeleg skåring og 4-1 til Ravn.
Så går det ei stund utan at det skjer særleg mykje. Men etter 19 minutt er det Ravnfrispark frå hjørnet av 16-meteren.
Eivind slår inn til Ole Christian som stusser ballen sikkert i mål. Etter 21 minutt er Jørgen nær skåring på frispark.
I det 27. minutt er Ørstingane svært nær skåring. Eit flott angrep der ballen gjeng fint frå spelar til spelar vert avslutta
med eit stangskot. Etter 28 minutt lukkast nesten Kristoffer GN, men keeper fangar avslutninga og ballen er nesten inne,
Ravnspelarane ropar på skåring, men dommaren har nok rett i at det ikkje var skåring. Kampen ebbar ut med eit par halvsjansar
til begge laga.

Godt gjennomført kamp av G16, som heile tida prøver å spele fotball og ikkje å sparke. Spelarane er rolege med ball og
prøver heile tida å finne kvarandre med godt pasningsspel. Og det kan vi like å sjå! Bra kamp gutar.

Laget: Amund Krogsæter, Espen Arnes, Thomas Bjørlykhaug, Fredrik Krogsæter, Andreas Rekdal, Even Ødegård, Eivind Hagen,
Jørgen Hatlehol, Mads Even Hatlehol, Ole Christian Årseth, Ole Mathias Årseth, Mads Eide, Kristoffer Nerlid, David Gjerde, Benjamin Ulvestad.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv