Alaget i haustform.

25 august 2011
Skrevet av:

5. div: Ravn-Harøy 6-0.
Ravn spelte torsdag kamp mot Harøy på heimebane, og som Aafk vart og Harøy sendt heim med 6 baklengs i det som blei en kamp med spel stort sett mot ett mål.

Troppa mot Harøy inneheldt heile 17 mann, inkludert 4 juniorspelera og heimvendte Øystein Bjørkevoll, som vil vikariere på keeperplass en periode før han skal vidare til Stavanger. Vi kunne endelig mønstre bortimot skadefri tropp, med kamp om kvar en plass på laget.
Om den gode innsatsen som blir lagt ned på trening og i kamp fortsett, samt at oppmøtet og ikkje minst helsa til kvar enkelt held seg oppe vil vi nok gå en særs underhaldande haust i møte

Sjølv om kampen varierte stort i både tempo og kvalitet vart det tidleg klart kven kom til å stikke av med 3 poeng. Ravn var hakket bedre en Harøy, med kjappare bein og ikkje minst ei innstilling som åleine bidreg til at måla til slutt rasa inn. Anført av Øyvind Farstad, vår sindige kaptein, klarte laget å gjennomføre slagplanen til punkt og prikke. Resultatet burde vore enda bedre sett med Ravn sine auge, men det stoppa litt ofte opp i siste del av angrepet. Dette må settast fokus på fram mot neste kamp..

Kampen:

Det starta famlande frå begge lag, med tempo meir passande en middels trimtur, og pasninger som ikkje alle hadde fått fastsatt adresse. Ravn hadde på førehand avtalt å gå ut med høgt press for å stresse Harøy i det oppbyggande spelet, noko som førte til at Harøy spelte stort sett lange oppspel. Sjølv om Ravn vann dei fleste duellane gjekk det 20 min før skuldrane kom lavt nok til at pasningane sat. Då løsna det til gjengjeld til gangs. Ravn kom til stadig fleire sjansa, spesielt på høgresida, der Øyvind Koppen hadde fått beskjed om å boltre seg frå sin posisjon på høgreback. Taktikken før kamp var klar, Ravn stilte utan høgrekant for å invitere Øyvind på sugande løp.

Samspelet mellom Stian Stokke, Jørn og Øyvind brukte 20 min på å ta form, men deretter var dei en konstant trussel. Etter 21 min blir Stian Stokke felt etter et lite dribleraid, og det vert korrekt idømt straffe. Eivind, som fast eksekutør, tok også no utfordinga på strak arm og satte denne trygt i mål. Dette var tydeligvis det laget trengte for å roe nervane, for etter dette kom sjansane og ikkje minst fleire mål.
Etter 26 min vinn Øyvind Koppen en duell på høgresida etter nok eit godt løp, og ballen gjeng rett til en umarkert Tore på bakerste stolpe. Han tek rolig ned ballen og sett den kontrollert i lengste hjørne. Ei flott scoring!
Ravn fortsett i same stil etter dei to kjappe måla, med høg intensitet, og gjenvinning over heile bana. Etter 32 min vinn vi igjen ballen høgt på høgresida, og den enda til slutt opp med han Christopher, som etter å ha dribla halve Harøy sikkert plassera ballen i mål.

Etter desse tre måla ebba omgangen ut med mykje rart spel. Ravn blir utålmodige og gløymer litt av den avtalte slagplanen. Det blir slått mykje langt frå begge lag, og begge lag ser slitne ut når dommaren bles for pause. Uttrykket «hawaii-fotball» er nok passande for dei siste 15min i første omgang.
Alt i alt vel gjennomført til pause, der Harøy var nærme på nokre frispark, men elles hadde Ravn god kontroll.

Andre omgang starta litt som første. Det blir gjort nokre bytte for å rullere laget, samt kvile litt slitne bein, og dette gjer at kvaliteten igjen dett litt. Et lyspunkt er praktangrepet tidlig, der Tore fint speler igjennom Stian Eik på venstrekanten, for so å følgje opp i feltet og stusse det perfekt innlegget like over. Det angrepet hadde fortent ei betre skjebne!

Første halvdel av andre omgang er prega av eit Ravnlag som er litt for smal i angrepsspelet, noko som gjorde det lettare for Harøy å halde kontrollen bakover. I motsatt ende vart aldri Øystein satt på nokre store prøve, og bortsett frå to ivrige sidebacka (Øyvind Koppen og Erik Stokke) so begge klarte å snike til seg gule kort skjedde der fint lite.

Når so Harøy på si side fekk en speler utvist for munnbruk løsna det litt for Ravn igjen. Det vart gjort fleire byte, blant anna kom Tony inn på midten og Jørn Helge bekledde venstrekant, sin tredje posisjon for dagen  Også gledelig å sjå Joakim Sørvik sin heimedebut for a-laget, han blir en kjekk kar å ha med seg framover.
Bytta og ikkje minst utvisninga satte sitt preg på kampen med eingong. Det vart stor avstand i Harøylaget og Ravn kom til stadig fleire sjanser. Etter 77 min blir Jørn spelt fint fram på venstrekanten og fær kjempa ballen framfor mål. men innlegget blir stoppa av harøyforsvaret. Returen derimot plassera Tony kaldt og rolig i vinkelen frå 25m 

Knappe 5 min seinare er Jørn igjen på ferde, denne gongen havna innlegget perfekt på sålen til Eivind, som styre ballen kontrollert til side for keeper. Ei scoring tatt ifrå læreboka. Eivind he for alvor funne scoringsforma no i haust.
Like før slutt viser same mann at han også hen en brukbar pasningsfot, då han spela Tony fint igjennom, og åleine med keeper gjer Tony ingen feil. 2 mål på 20 min frå Tony er et over middels vellykka innhopp.

Kampen enda dermed 6-0, med Ravn som det førande laget frå start til mål.

Laget:

Øystein Bjørkevoll
Øyvind Koppen (Bent Erik Nedrevold 70min)-Øyvind Farstad-Magnus Hagen-Øystein Tenfjord (Erik Stokke 45min)
Tore Nedrevold (Tony Ellingsen 70min)-Eivind Ulla-Kim Krogsæter-Stian Stokke (Stian Eik 45min(Jørn Heggelund 75min )
Christopher Urkedal (Håvard Lid 70min) Jørn Heggelund (Joakim Sørvik 70 min)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv