A-laget med overraskande siger.

11 august 2011
Skrevet av:

Ravn-Stordal (3-0) 4-0.
Mål: Kim Andre Krogsæter, Tore Nedrevold, Eivind Ulla og Jørn Heggelund.
Alaget tok endeleg sin første siger i år, og det mot Stordal som er topplaget i 5. divisjon.
25 års forbannelse er brutt kunne vi lese på heimesida til Stordal i vår etter at dei
hadde slått Ravn i åpningskampen. Og Stordal var skyhøg favoritt før dagens kamp, mot eit
Ravnlag som låg heilt sist på tabellen. Topp mot bunn skal normalt sett vere lett match.
Men fotball handlar i stor grad om vilje, og vilje og pågangsmot
hadde Ravnlaget i rikt monn i denne kampen. Vinnarviljen lyste av gutane, innsatsen var ekstremt bra
på alle mann og dei stod verkeleg fram som eit lag i dag. Når sjansen baud seg var Ravn effektive og
sigeren var kanskje vel stor etter spel og sjansar. Men likevel eit heilt greitt resultat i og med at Stordal
ikkje greidde å skape dei heilt store sjansane mot eit oppofrande Ravnforsvar.
3-0 målet til Eivind Ulla var av det minneverdige slaget. Etter ei fin dragning blei ballen banka i vinkelen
frå 20 meter. Stordal trykte på mot slutten av kampen, men 5 minutt før slutt er alt håp ute for Stordal
då Jørn snappar ballen frå ein Stordalforsvarar og gjer 4-0.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv