Ravn/Norborg G13 til topps i Hydrocup

06 juni 2011
Skrevet av:

Ravn/Norborg G13, Hydrocup 2011

Samarbeidslaget Ravn/Norborg G13 gjekk som einaste Sunnmørslag heilt til topps i massemønstringa Hydrocup i Sunndal i helga.
Hydrocup i aluminiumskommunen Sunndal er ei kjempeturnering med 2000 spelarar og i alt 3000 tilreisande. I kamp mot 15 lag frå Møre og Romsdal og Trøndelag kunne samarbeidslaget frå Haram løfte 1.premien i tung myolitt frå Lørenskog over hovudet etter 4-1 over Træff i finalen for gutar 13 år.
Finalen vart spelt på gras på Sande stadion i strålande solskinn allereie kvart over 10 søndag formiddag. Med høgtidleg innmarsj, presentasjon av spelarane og ein ekte dommartrio beståande av Roger Hagbø, Modulf Holm og Hans Snekvik var det ei topp ramme for to lag som aldri hadde vore i ein finale før. 15-20 foreldre gav Ravn/Norborg full støtte på triubunen.
Ville mest
Ravn/Norborg gjekk offensivt ut frå start, ville mest frå første sekund og orka mest kampen gjenom. Tydeleg at jamn og hard vintertrening, samt overnatting heilt ute på Ålvundeid er ein god vinnarresept. Allereie etter fire minutt roa nervane seg. Eit innlegg frå Tobias Aarseth Heggem frå høgresida, vart breisida kontant i mål av Lars Daniel Skjelten Tenfjord.
Ti minutt etter fekk Joakim Barstad eit perfekt hjørnespark frå Nikolas Fjørtoft. Ballen gjekk inn klint ved tverrliggaren. Den same Fjørtoft gav Ravn/Norborg 3-0 og 4-0 rett etter sideskiftet. Barnedåpen hos familien i Molde måtte vente når det vart finale.
Træff fekk eit trøystemål på eit godt langskot heilt på slutten, faktisk på den einaste målsjansen dei hadde i kampen. Ravn var nok nærare 10 mål enn Træff to.
God og jamn innsats på alle plassar kampen og turneringa gjennom av Ravn/Norborg, som let ballen gjere arbeidet i mykje større grad enn motstandaren. Dei er flinke til å setje fart i angrep og vender ofte spelet på ein flott måte. Forsvaret er nesten potta tett. Fire mål bakover på fem kampar er bra.
Full pott
Ravn/Norborg levna i grunnen aldri tvil om kven som var det beste 13-årslaget på Sunndalsøra akkurat denne helga. Etter at det har butta imot i serien med to tap mot Emblem og Herd, vart det full pott i dei tre innleiande kampane. Trønderlaget Sverresborg vart slått 3-1 på ei god grasbane på Grøa fredagskvelden etter mål av Joakim Barstad (straffe), Lars Daniel Skjelten Tenfjord og Nikolas Fjørtoft. Så vart gruppa avgjort med 1-0 over gode Clausenengen på den same Grøabana laurdag. Det einaste målet signert unge hr. Skjelten Tenfjord.
Tøffast mot MFK
Tøffaste kampen var mot Molde FK3, i vind og på ei hard Sande kunstgrasbane. Ravn hadde dei fleste sjansane. Ruben Holmeset skårte vinnarmålet to minutt før slutt etter eit gedigent forarbeid heilt frå eigen banehalvdel av Nikolas Fjørtoft.
I semiefinalen møtte Ravn/Norborg eit lag frå Bjørnstjerne Bjørnson-bygda Eidsvåg, som var lovd cola på boks om dei vann. Dei gjekk rett opp i 5-1 etter mål av Skjelten Tenfjord, så Barstad på ein vinkelsusar, Fjørtoft (2) og Holmeset. Dermed vart det cola. Etter finalesigeren er ein av forledra no skuldig spelarane softice.
Gruppe C, gutar klasse 13 år bestod av Ranheim med tre lag, Molde med tre lag, Strindheim med to lag. Elles Sverresborg, Kristiansund, Trond, Valder, Træff, Clausenengen, Eidsvåg og Ravn.
Arnt-Ove Tenfjord

Spelarar og foreldre

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv