Flott vårsesong av J98.

15 juni 2011
Skrevet av:

J98 før kamp på Stranda


J98 spelte i går sin siste kamp for vårsesongen.
Den gjekk i Ratvika mot Aksla Blå, og enda med ein 4-3 siger til Ravnejentene.
Måla vart skåra av 99-modellane Sonja Amalie Søberg Ulvestad (2) og Fride Lianes (2).
J98 har dermed vunne 5 av sine 6 kampar i vår. Dette er veldig bra av eit lag som tidlegare
ikkje har hatt for vane å vinne så mykje. I år har dei hatt ei veldig fin utvikling, og nokre
nye spelarar har kome til.
Dessverre held dette truleg ikkje til 1. plassen og 1. divisjonsspel til hausten. Stranda har vunne
sine 4 kampar, har rett nok 2 kampar igjen og treng 3 poeng for å passere Ravn. Svært mykje
tyder imidlertid på at dette vil skje. Dermed vert det sannsynlegvis ein 2. plass på jentene våre.
Uansett ein prestasjon som vi kan være stolte av. Ikkje mange hadde tippa det før sesongen.
Laget har heilt klart prestert mykje betre enn forventa. Og slikt liker vi!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv