Daglig arkiv: 03 juni 2011

Sterk juniorseier 4-3 mot Stranda

03 juni 2011
Skrevet av:

Ravnjuniorane viste årsbeste både i spel og innsats, og etter ein svært spennande kamp var det stor jubel då dommar Odd Grande bles av tirsdagens heimekamp og Ravn gjekk av banen med 4-3 mot favoritten Stranda.
Gjestane åpna best og tok leiinga etter eit kvarter, men ei nydeleg bakromspasning til Joachim Hove Sørvik vart kontant ekspedert i mål til 1-1 med eit hardt og velplassert skot.
Stranda var førande spelemessig i omgangen og gjekk opp i 1-2.
Utlikninga til Stian V. Stokke var eit innsatsmål som var typisk for Ravn denne kampen: på ein corner steig han til vers på bakerste stolpe, heada knallhardt, keeper gav retur, og Stian følgde på og dundra ballen i mål.
Men Stranda svarte med ny leiing og 2-3 ved pause. Dei spelte seg litt for lett igjennom Ravnforsvaret.

Ein lett medvind hjelpte nok Ravn i 2.omgang til eit visst speleovertak, men først og fremst var det ein framifrå laginnsats som var grunnlaget. Stopparane Tommy og Michal snørte igjen sekken og Stranda kom ikkje gjennom i midten.
Ein hardtarbeidande Harald Fagervoll utlikna tidleg då han sette ein keeperretur i mål, og få minutt etter kom 4-3. Det var igjen Stian som var på farten, forserte og sende eit hardt skot i hjørnet frå 20 meter.
Ravn hadde bra kontroll på kampen, jobba sterkt i alle lagdelar og nekta Stranda sjansar. I sluttminutta fekk dei (utanom eit korrekt annulert offsidemål) nokre frispark i farleg situasjon, og då var luftstyrken til Stian, Even og Michal god å ha. Og keeper Martin var som vanleg solid i feltatbeidet.
«Ikkje alle nemnt – men ingen glemt» – dette var ein ein ypperleg laginnsats av heile troppen, som telte kun 12 mann. Men det var nok!

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv