Mykje gode Ravnresultat.

11 mai 2011
Skrevet av:

Fleire Ravnlag har vore i aksjon denne veka og levert gode resultat.
Mandag spelte juniorlaget 2-2 mot Skodje.
Samme dag slo J14 til med ein sterk bortesiger mot Herd. 7-3. J13-spelar Ingrid Vatne banka inn 5 av måla.
I går leverte G14 nok ein sterk prestasjon i 1. divisjon og slo Aafk borte 4-3.
I går var J13 i Brattvågen og tok ein solid 4-1 siger over Brattvåg. Dei har dermed vunne begge 2 kampane dei har spelt til no.
Her må J12-spelarane Fride og Sonja som var med nemnast. Fride stod i mål i 1. omgang, i 2. omgang spelte ho ute og banka inn 2 mål.
Sonja «Messi» Søberg Ulvestad skåra 1 mål etter å elegant ha dribla 3 spelera. Ingeborg Førdestrøm skåra også 1 mål. Dermed hjalp det lite at
Brattvåg la seg ekstremt lavt og køyrde med frimerke på Ingrid Vatne i heile denne kampen. Ein svært destruktiv taktikk som heldigvis
ikkje var i nærleiken av å lukkast denne gongen.

Meir utfyllande referat om nokre av desse kampane kjem forhåpentlegvis.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv