Juniorseier 1-0 over Rollon!!

24 mai 2011
Skrevet av:

Juniorane tok ein etterlengta seier då det vart 1-0 i bortekampen mot Rollon mandag.
Ravn var det førande laget i store deler av kampen, og hadde stort sett god kontroll. Ravn fekk mange store sjansar og kunne ha scora fleire enn det eine målet, som kom mot slutten av 1. omgangen.
Til gjengjeld var dei flott scoring: Even Vatneødegård spelte igjennom Eivind Hagen, som avslutta med eit kontrollert venstrebeinsskot nede i hjørnet. Målscoraren, som er gutespelar, gjorde ein fin kamp.
Det same gjaldt Mads Even Hatlehol (16) som debuterte på juniorlaget og spelte over ein time.

For keeper Martin, som ikkje hadde så mykje å gjere, men var vaken i feltarbeidet, vart det ein merkedag: – eg kan aldri huske å halde nullen før!

Det blir hardt program for juniorlaget; laurdag er det ny bortekamp (utsett) mot Langevåg, og heimekamp mandag mot Stranda, då sju kampar og første 1/3 av sesongen er unnagjort.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv