J14 med uavgjort.

24 mai 2011
Skrevet av:

J14: Ravn-Brattvåg (1-1) 3-3.

Dette var ein kamp som det svinga av. Ravn burde ha punktert dette med solid margin i 1. omgang.
Heile 8 stolpetreff!
I 2. omgang går Ravn litt heldig opp i 2-1 på eit skot frå langt hold, som eit litt passivt forsvar/keeper
burde ha avverga. Etter dette har Ravn feite målsjansar, og burde igjen ha punktert kampen. Litt
for mykje småspel i angrep, i staden for å banke ballen i mål. Eit fysisk sterkt Brattvåg kjempar seg no meir og meir
inn i kampen igjen og kjem på farlege visittar, samtidig som Ravnlaget dovnar litt vekk. Dermed
står det plutseleg 2-2 og 2-3 til Brattvåg, og Ravnjentene ser ut som dei har resignert.
Men no våknar dei igjen, viser god moral og set Brattvåg under press. Eit flott angrep der ballen går
fint frå spelar til spelar, Brattvågforsvaret er utspelt og det står 3-3.
Ravn trykker på vidare i dei siste minutta, får eit par gode målsjanser, men det endar 3-3.

Eit resultat som vel ingen av laga var særleg godt nøgd med.
Ravn pga eit stort sjansesløseri, og Brattvåg pga av at dei tilsynelatande hadde kontroll på kampen
når dei leia 3-2.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv