J13 tapte toppkampen.

24 mai 2011
Skrevet av:

J13 klar til kamp mot Stranda

J13 klar til kamp mot Stranda


J13: Stranda-Ravn (3-0) 6-2.
Mål: Malin, Ingrid.
Etter 3 strake sigrar blei det tap i toppoppgjeret mot Stranda.
Begge laga åpna forsiktig, og 1. halvdel av 1. omgang var det heilt jamnt
med sjansar til begge lag. Men så tek Stranda over og er farlegast resten av omgangen.
Det resulterer i 3 mål. Eit par etter litt for sløv jobbing av Ravn si midtbane, kombinert med
litt forsiktig forsvarsspel.
Men det er likevel såpass jamnt at vi fortsatt har trua. Ut på bana og skyt! er beskjeden som
blir gitt i pausa. Ravn gjeng friskt ut og etter 3 minutt reduserar Malin til 3-1 på eit fint skudd.
10 minutt seinare er det Ingrid sin tur, ei flott dragning og eit nydeleg skudd frå langt hald. 3-2.
Kampen er igjen open. Men Strandarane svarar kjapt og det står 4-2. No står vi for mykje og ser på
og dei kan skåre 2 nye mål. 6-2. Litt mykje etter spel og sjansar, men Strandarane var hakket betre.
Men likevel bra av jentene. Tross alt mangla vi to sentrale spelarar i Ingeborg og Marina, og hadde
med heile 5 J12-jenter på denne kampen. Blant anna debuterte 3 av desse på J13 laget.
Laget: Ingrid, Malin, Rikke, Katharina, Mathea, Emma Sofie, Fride, Sonja, Elise, Hanne og Emma.
Sonja nesten igjennom

Sonja nesten igjennom

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv