J13: Ravn-Guard Blå (3-0) 5-1.

18 mai 2011
Skrevet av:

J13 slo i kveld Guard 5-1. Dette var sesongens 3. kamp for jentene, og dei
har vunne alle desse med god margin.
Begge lag opna kampen forsiktig, og ingen av laga skapte dei heilt store
sjansane i starten. Ein kunne likevel ane at Ravn var det sterkaste laget.
Etter 8 minutt får Ravn corner og Rikke set innlegget i mål med eit fint
volleyskot. Ravn har no taket på det, utan at ein heilt får spelet til å gli.
Etter 18 minutt løsnar det, ein kombinerer fint og Ingrid set sikkert inn 2-0.
God periode for ravn no, som bestemmer det meste, og etter 22 minutt står det
3-0 ved Ingrid. Ho vender elegant vekk 2-3 spelarar og skårar eit fint mål.
Når 2. omgang startar trur vi at Ravn skal fortsette å køyre over Guard, men
det skjer ikkje. I staden er det Guard som er mykje meir med i kampen og
reduserar til 3-1. kampen er no heilt jamn og Guard er på fleire farlege visittar.
Etter 20 minutt av 2. omgang roar Malin nervane på trenarbenken med skåring,
og vi leiar 4-1. Etter dette aukar Ingrid til 5-1 med si 3. skåring for dagen.
Godt jobba av laget som i denne kampen berre hadde 8 spelarar.
Leget: Fride, Katharina, Marina, Sonja, Malin, Rikke, Ingrid, Emma Sofie.
Neste kamp er mot Stranda, som nok er avdelingsfavoritt. Ein viktig kamp.
Stranda er nok laget å slå om ein skal vinne avdelinga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv