Seier for J16 i treningskamp mot Stordal.

19 april 2011
Skrevet av:

Flott innsats av jentene i onsdagens 3-2 siger borte mot Stordal. (Andrea Instø 2 , Ingrid Åsemyr)
Stordal tek leiinga to gongar, men Ravn gir ikkje opp, og vinn til slutt i ein jamn kamp.
Ingrid skorar sigersmålet rett før slutt. Ho gir ikkje opp ein ”håplaus ball” og får løn for strevet. Må også nemne Andrea sitt andre mål. Ho ”krigar” seg forbi oppassaren sin og dunkar kula i krysset i rein Drogba-stil. Fantastisk.

Sjeldan vi har hatt så mange debutantar.
Marie, Lisa og Emilie (alle frå Skodje) spelte sin første kamp for Ravn, og Stine og Martine spelte sin første kamp for dette J16-laget. Mykje nytt for dei, men alle gjorde ein god kamp.

Desse spelte for Ravn:
Andrea Instø, Andrea Noem, Johanna Solvang, Amanda Tenfjord, Ingrid Åsemyr, Christina Græsdal, Sunniva Østigård, Emilie Kalvatn, Stine Røv, Martine Otterlei, Marie Henriksen og Lisa Breiteig.

Trur alle synest det var godt å kome i gang etter ein lang treningsvinter.

Mvh.
Per Åsemyr
-trenar J16-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv