5. div Stordal-Ravn (2-0) 4-2

29 april 2011
Skrevet av:

Det var nok eit ikkje alt for optimistisk Ravnlag som reiste til Stordalen for serieåpning i går.
Stordal er før sesongen tippa i toppen, medan Ravn av dei fleste er tippa langt nede på tabellen.
Svært mange forfall til denne kampen (8 stk vekke frå laget som møtte Norborg 2 sist), gjorde nok
ikkje optimismen større.

kampen startar med Stordal overtak, utan dei heilt store sjansane. På tampen av 1. omgang
får Stordal hol på Ravnforsvaret og skårar 2 mål på 1 minutt, og kan gå til pause med ei fortjent
leiing.
Ravn startar 2. omgang bra, og i det 47. minutt er sjølvaste Anders Berg på plass og reduserar til 2-1.
Ravn løftar seg etter dette, og kjem meir og meir inn i kampen. I det 73. minutt er utligninga eit
faktum då Jørn Helge Heggelund reduserar til 2-2.
Det heldt ikkje heilt inne denne gong. Stordal går på ny opp i leiinga i det 84. minutt, og aukar til 4-2 rett
før slutt.
Likevel, godt kjempa av Ravn. Med stallen meir inntakt, kjem poenga utover sesongen.

25 års forbannelse slutt kunne ein lese på heimesida til Stordal. Sist Stordal slo Ravn var i 1986.
Som ein kuriositet kan vi nemne at Jarle Eik var trenar for Ravn det året. På laget spelte fleire av
dei som i dag er trenarar i Ravn si yngres avdeling. Blant anna Jan Even Hatlehol, Rolf Barstad
og Øystein Grytten. Vi sendte 2 11er-lag til Norway Cup (junior herre og eit svært ungt J16).

Andre resultat:
Norborg 2-HaNo 6-5
Brattvåg 2- Emblem 1-5
Ørskog-Skodje 1-1
Ellingsøy-Lepsøy 5-2

Neste kamp for alaget er heime mot Lepsøy torsdag 05.05.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv