Juniorlaget møter Valder til seriekamp på stadion i dag kl 18.30.
Dette blir 2. seriekampen for juniorlaget. Dei opna serien med å
tape 5-4 for Brattvåg. Dette var ein 7ar-kamp sidan Brattvåg berre
stiller med 7ar-lag. Kampen i dag er 11ar-kamp, og blir nok ei tøff utfordring
for våre gutar. Valder stiller nok som vanleg med eit godt juniorlag.