Stor skiaktivitet ved Ravn Stadion

03 februar 2011
Skrevet av:

Jenter født 2003 klar til start.

Jenter født 2003 klar til start.


Søndag 30. januar var det sonerenn ved Ravn Stadion. 103 utøvarar stilte til start. Desse kom frå klubbane Ravn, Engesetdal, Herd, Skodje, Ørskog, Skarbøvik, Emblem, Spjelkavik, Stettevik, Tomrefjord, Hessa og Norborg. Aldersgruppa 0-7 år gjekk 700 meter. Frå 8 år og oppover gjekk ein 2 km eller meir. Biletet viser jenter 2003 modellar klar til start. Desse var dei yngste som gjekk heile lysløypa (2 km). Frå venstre mot høgre ser vi Heidi (Ravn), Helene (Ravn), Line (Ravn), Hanna (Skarbøvik) og Nora Mari (Engesetdal). Desse jentene brukte i underkant av 20 minutt på løypa, og var dyktig slitne når dei kom og mål. Dei var godt fornøgde med eigne prestasjonar og den flotte premien dei fekk. Men det hadde ikkje gjort noke om der var ein drikkestasjon undervegs, kom det frå ei slita småjente 🙂

Tirsdag 02.01 var det barneskirenn ved stadion, været var surt med regn og vind. Dette stoppar ikkje tøffe Ravningar og over 40 born deltok på rennet tirsdagskvelden. Neste tirsdag er det klart for nytt barneskirenn ved stadion.

Før den tid er det sonerenn på Skodje søndag 06.02: 2011_Skodje_-_Innbyding_sonerenn

Her kan du lese artikkelen i Haramsnytt om sonerennet vårt: Haramsnytt om Sonerenn 31.1.2011

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv