Ravn G13 tok bronsen i Møre Cup

22 februar 2011
Skrevet av:

Ravn g13 tok 3.plass i MreCup

FOTO: Glade spelarar frå Ravn G13. Bak frå venstre Joakim Barstad, Lars Daniel Skjelten Tenfjord, Benjamin Kofoed, Matias Vatneødegård og Stian Skogvoll. Framme f.v. Nikolas Fjørtoft, Aleksander Hjelme Floer, Severin Longva, Benjamin Rørhus, Tor-Erling Ulvestad Håhjem og Markus Tenfjord. Preben Eidsvik var ikkje med på bildet.
Ravngutar vann bronsefinalen
Ravn G13 vann bronsefinalen i Mørecup mot Rollon 1-0 og henta heim ein flott pokal til det nye medaljeskapet i Eidet kulturhall.
Om lag 2.500 fotballspelarar mellom sju og 16 år frå 242 lag spelte kampar i to heile dagar til ende i Sparebanken Møre Arena i helga. 12 gutar frå 1998-årgangen år var einaste laget som stillte frå IL Ravn i år. Etter flott innsats kunne dei treningsvillige og humørfylte gutane returnere med ein flott pokal, etter fire sigrar, ein uavgjort og berre eitt tap. I denne klassa deltok heile 16 lag, så prestasjonen til Ravningane var veldig bra.
Innleiande
Gutane hamna i ei innleiande gruppe med Blindheim99, Ellingsøy 1 og Herd-24. Tre mål av Lars Daniel, to av Markus og eitt sjølvmål gav 6-2 over Blindheim. Det same resultatet blei det mot Ellingsøy etter tre mål av Lars Daniel og tre av Markus. Gutane laga det skikkeleg spanande i kampen mot Herd. Med eitt minutt att låg dei under 1-3. Nikolas krangla inn 2-3, før Markus med 30 sekund att sette inn utlikningsmålet.
Sluttspel
I kvartfinalen søndag ettermiddag møtte Ravn-gutane Aksla 1. Etter ein litt treg start, kom dei seg i siget. Det stoppa ikkje før det stod 8-0 etter skåringar av Joakim (3), Nikolas (2), Tor-Erling, Matias og Markus. I semifinalen mot Hødd 1 blei det spennande. Joakim gav Ravn leiinga 1-0 på ein susar. Hødd gav ikkje opp. Dei fekk inn to mål utan at Ravn klarte å redusere. Dermed gjekk Hødd til finalen mot Herd 1, medan Ravn skulle møte Rollon United i bronsefinalen. Ravnlaget har aldri vore så nær å tukte ulsteinvikarane som i denne kampen. Den kunne bikka begge vegar.
Bronsefinale
I den aller siste kampen klokka 2030 søndagskvelden var det mange som var slitne i både hovud og bein etter mange intense kampar. Markus skåra kampens einaste mål mot Rollon. Dermed kunne Ravn G13 heve pokalen over hovudet etter flott innsats gjennom seks kampar på 18 minutt. Herd-44 slo Hødd i finalen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv