Årsmøtet i IL Ravn ferdig.

28 februar 2011
Skrevet av:

Søndag 27.02 vart det halde årsmøte i hovudlaget i IL Ravn. Årsmøtet gjekk unna i fin flyt og eit
fulltallig styre er på plass. Nytt styre for IL Ravn er:
Leiar: Yvonne Slyngstad Bjørkevoll.
Nestleiar: Per Christian Breiseth.
Styremedlem: Beate Pedersen.
Styremedlem: Tor Olav Petersen.
Styremedlem: Øystein Grytten.
I tillegg sit gruppeleiarane i styret. Jonny Breivik – Fotball. Arne Vatne – Ski.

Randulf Bakken takka av etter fleire år som leiar. Randulf har gjort ein solid jobb og har hatt
ei stødig hand på roret i IL Ravn dei siste åra. Vi har no ei stor og flott kunstgrasbane, økonomien i laget
er under god kontroll og framtida ser lys ut. Randulf har vore sentral i denne prosessen, og IL Ravn vil
med dette rette han ein stor takk for innsatsen.

Dyktige Asbjørn Leine gjekk og ut av styret, og IL Ravn vil og takke han for innsatsen.

Årsmelding 2010, nye vedtekter, reknskap 2010, budsjett 2011 og dei nye gruppestyra i fotball og ski vart godkjente.
Det var kome inn forslag om å sette ned eit utvalg som skal starte prosessen med å sjå på bygging av fotballhall.
Dette forslaget vart vedteke, og det skal no settast ned eit utvalg som skal utrede spørsmålet om fotballhall ved
Ravn Stadion.

Ei av dei første oppgåvene til det nye styret vert no å få på plass eit apparat/styre rundt volleyballen. Nye trenarar
er no på plass i Volleyballgruppa og aktiviteten i volleyball er gledeleg nok på frammarsj.
Aktiviteten i fotball er som vanleg stor, og drifta av fotballgruppa går godt.
Det same må ein seie om skigruppa som har fått seg eit skikkeleg oppsving dei 2 siste åra, takka vere skikkelege vintrar.
Trimgruppa manglar folk, og her lyt ein prøve å få på plass nye ildsjeler.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv