Månedlig arkiv: februar 2011

Årsmøtet i IL Ravn ferdig.

28 februar 2011
Skrevet av:

Søndag 27.02 vart det halde årsmøte i hovudlaget i IL Ravn. Årsmøtet gjekk unna i fin flyt og eit
fulltallig styre er på plass. Nytt styre for IL Ravn er:
Leiar: Yvonne Slyngstad Bjørkevoll.
Nestleiar: Per Christian Breiseth.
Styremedlem: Beate Pedersen.
Styremedlem: Tor Olav Petersen.
Styremedlem: Øystein Grytten.
I tillegg sit gruppeleiarane i styret. Jonny Breivik – Fotball. Arne Vatne – Ski.
Les meir »

Ravn G13 tok bronsen i Møre Cup

22 februar 2011
Skrevet av:

Ravn g13 tok 3.plass i MreCup

FOTO: Glade spelarar frå Ravn G13. Bak frå venstre Joakim Barstad, Lars Daniel Skjelten Tenfjord, Benjamin Kofoed, Matias Vatneødegård og Stian Skogvoll. Framme f.v. Nikolas Fjørtoft, Aleksander Hjelme Floer, Severin Longva, Benjamin Rørhus, Tor-Erling Ulvestad Håhjem og Markus Tenfjord. Preben Eidsvik var ikkje med på bildet.
Ravngutar vann bronsefinalen
Ravn G13 vann bronsefinalen i Mørecup mot Rollon 1-0 og henta heim ein flott pokal til det nye medaljeskapet i Eidet kulturhall.
Om lag 2.500 fotballspelarar mellom sju og 16 år frå 242 lag spelte kampar i to heile dagar til ende i Sparebanken Møre Arena i helga. 12 gutar frå 1998-årgangen år var einaste laget som stillte frå IL Ravn i år. Etter flott innsats kunne dei treningsvillige og humørfylte gutane returnere med ein flott pokal, etter fire sigrar, ein uavgjort og berre eitt tap. I denne klassa deltok heile 16 lag, så prestasjonen til Ravningane var veldig bra.
Innleiande
Gutane hamna i ei innleiande gruppe med Blindheim99, Ellingsøy 1 og Herd-24. Tre mål av Lars Daniel, to av Markus og eitt sjølvmål gav 6-2 over Blindheim. Det same resultatet blei det mot Ellingsøy etter tre mål av Lars Daniel og tre av Markus. Gutane laga det skikkeleg spanande i kampen mot Herd. Med eitt minutt att låg dei under 1-3. Nikolas krangla inn 2-3, før Markus med 30 sekund att sette inn utlikningsmålet.
Sluttspel
I kvartfinalen søndag ettermiddag møtte Ravn-gutane Aksla 1. Etter ein litt treg start, kom dei seg i siget. Det stoppa ikkje før det stod 8-0 etter skåringar av Joakim (3), Nikolas (2), Tor-Erling, Matias og Markus. I semifinalen mot Hødd 1 blei det spennande. Joakim gav Ravn leiinga 1-0 på ein susar. Hødd gav ikkje opp. Dei fekk inn to mål utan at Ravn klarte å redusere. Dermed gjekk Hødd til finalen mot Herd 1, medan Ravn skulle møte Rollon United i bronsefinalen. Ravnlaget har aldri vore så nær å tukte ulsteinvikarane som i denne kampen. Den kunne bikka begge vegar.
Bronsefinale
I den aller siste kampen klokka 2030 søndagskvelden var det mange som var slitne i både hovud og bein etter mange intense kampar. Markus skåra kampens einaste mål mot Rollon. Dermed kunne Ravn G13 heve pokalen over hovudet etter flott innsats gjennom seks kampar på 18 minutt. Herd-44 slo Hødd i finalen.

Barneskirenn.

18 februar 2011
Skrevet av:

Barneskirenn 22. februar og 8.mars
Det har vore gledeleg mange med på dei tre barneskirenna våre. Fine tilhøve og stor stemning i løypene.
No har styret bestemt å smi medan jarnet er varmt. Det blir derfor nye barneskirenn 22. februar og 8. mars.
Dermed når vi opp i opp i målet om fem i tillegg tildei tre vi har halde. Start mellom 18-19.
Tidlegare har det vore annonsert to renn etter vinterferien, men det er altså endra..

Nytt fotballstyre på plass.

10 februar 2011
Skrevet av:

Ei dyktig valnemnd hadde før årsmøtet i fotballgruppa 08. februar lagt ned eit godt stykke arbeid og fått på plass eit kompetent fotballstyre.
Dette er styret som blei valgt.

Leder: Jonny Breivik
Nestleder: Anne Vatne
Kasserer: Cato Viken
Materialforvalter: Jørn Heggelund
Styremedlem: Wenche Gjelstenli
Styremedlem: Bjørn Kårvatn
Ikke på valg:
Styremedlem: Susanne Grytten
Styremedlem: Vebjørn Vatnehol

Sesongavslutning fotball 2010

07 februar 2011
Skrevet av:

Ravnlogo raud bunn
Alle Ravnspillere på aldersbestemte lag som deltok i fjorårets sesong (2010) inviteres til sosialt treff på Eidet Kulturhall lørdag 12.februar fra kl.15.00.
Utdeling av statuetter for gjennomført sesong.
Ta med hele familien, det vil bli salg av kaffe og kaker og andre kioskvarer.

Stor skiaktivitet ved Ravn Stadion

03 februar 2011
Skrevet av:

Jenter født 2003 klar til start.

Jenter født 2003 klar til start.


Søndag 30. januar var det sonerenn ved Ravn Stadion. 103 utøvarar stilte til start. Desse kom frå klubbane Ravn, Engesetdal, Herd, Skodje, Ørskog, Skarbøvik, Emblem, Spjelkavik, Stettevik, Tomrefjord, Hessa og Norborg. Aldersgruppa 0-7 år gjekk 700 meter. Frå 8 år og oppover gjekk ein 2 km eller meir. Biletet viser jenter 2003 modellar klar til start. Desse var dei yngste som gjekk heile lysløypa (2 km). Frå venstre mot høgre ser vi Heidi (Ravn), Helene (Ravn), Line (Ravn), Hanna (Skarbøvik) og Nora Mari (Engesetdal). Desse jentene brukte i underkant av 20 minutt på løypa, og var dyktig slitne når dei kom og mål. Dei var godt fornøgde med eigne prestasjonar og den flotte premien dei fekk. Men det hadde ikkje gjort noke om der var ein drikkestasjon undervegs, kom det frå ei slita småjente 🙂

Tirsdag 02.01 var det barneskirenn ved stadion, været var surt med regn og vind. Dette stoppar ikkje tøffe Ravningar og over 40 born deltok på rennet tirsdagskvelden. Neste tirsdag er det klart for nytt barneskirenn ved stadion.

Før den tid er det sonerenn på Skodje søndag 06.02: 2011_Skodje_-_Innbyding_sonerenn

Her kan du lese artikkelen i Haramsnytt om sonerennet vårt: Haramsnytt om Sonerenn 31.1.2011

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv