Flott G14 kamp, 4-4 mot Valder.

17 oktober 2010
Skrevet av:

Ravn og Valders G14-lag leverte ein god og spennande kamp på Ravn KGB fredag ettermiddag. Ravn åpna best og raida opp fleire flotte angrep, men litt mot spelets gang var det Valder som scora to mål på sine første angrep.

Men med det spelet Ravngutane viste var det berre eit spørsmål før det ville løsne, og heimelaget svarte raskt med to mål frå øverste hylle. Først ved Joakim på ein suser i vinkelen frå 22 meter. Deretter 2-2 på årets angrep på Ravn KGB: perfekt gjennombruddspasning frå Joakim til Jørgen på høgresida, han forserte til linja og la tilbake til Eivind som dundra i mål på heil volley.
Eit nydeleg solomål av Adrian etter tre driblingar og skot i lengste vinkelen gav 3-2, før Vegard avslutta ein ypperleg Ravn-omgang med 4-2 på eit skot som keeper var uheldig på.

Valder bytta keeper i pausen, og han viste seg som ein glimrande playmaker og sørga for at Valder til dels fekk taket på midtbanen og kom til mange sjanser. Det var derfor greitt nok at dei utlikna, kampen sett under eitt. Men Ravn var svært nær 5-4 med to knallskot i tverrliggaren i sluttminutta.
Alt i alt ein flott kamp med mykje konstruktivt spel, og med svært god dømming av Per Ove Vatnehol.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv