3. div. Brattvåg-Rollon på Ravn Stadion fredag kl 18.30

07 oktober 2010
Skrevet av:

Det blir 3. divisjonskamp på Ravn Stadion fredag.
Vi strekk ut ei hjelpande hand til nabo Brattvåg og leiger ut stadion til denne kampen.
Det er mørkt når kampen skal gå, grasbana i Brattvåg har ikkje flomlys, og flomlyset
på kgb er i følge heimesida til BIL heller ikkje særleg bra.

Dette er siste serierunda i 3. divisjon. Som kjent rykker heile 6 av 12 lag ned.
Brattvåg ligg på 5. plass og kan nok etter denne kampen feire ståplass.
Berre syltynn teori kan ødelegge for det. Om Brattvåg skulle tape vil nok
Stranda gå forbi og Brattvåg endar på 6. plass (siste ståplass). Stranda har
jumbo Godøy heime og skal normalt slå dei, og vil med det berge plassen.
Skal Brattvåg rykke ned, må i tillegg Valder slå Hødd 2 kraftig på bortebane,
samtidig som Brattvåg må tape klart. Då ender Brattvåg og Valder på same poengsum,
men Brattvåg har 10 plussmål å gå på. Så vi er nokså sikre på at vi kan gratulere Brattvåg
med fornya kontrakt. Rollon er nedrykksklare, ligg som nr 9, og kan bli alt fra nr 7-10.
Vi trur Brattvåg vinn denne kampen, sjølv om Rollon har vist mykje bra i haust.

Vår andre nabo, Norborg, ligg på 10. plass med 21 poeng og skal møte Spjelkavik som ligg
på 11. plass med 19 poeng. Begge lag er klare for nedrykk. Hadde dette derimot vore ein
normalsesong ville dette vore ein svært viktig kamp for å halde seg i divisjonen. Med siger her
kan Norborg klatre opp på 9. plass, med tap vil Spjelkavik gå forbi og Norborg endar då på
11. plass. Dette er ein vanskeleg kamp å spå. Spjelkavik har vel vore den desidert største
skuffelsen i årets 3. divisjon. Norborg opna sesongen godt, men har hatt ein dårleg haustsesong.
Oppgjeret i vår enda 2-2, og vi trur det vert jamnt også denne gong. Uavgjort vil vere eit godt resultat
for Norborg, då vil ein halde Spjelkavik bak seg og få ein liten opptur etter 5 strake tap.
Vi trur mest på U.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv